Annerledeslandet

Saa var vi ferdige med sjoerovarbyen Melaka. Eigentleg ikkje stort aa sei om det. Soevnig liten havneby med flott arkitektur, nok ein Chinatown og nok eit Little India. Mykje god mat sjoelvsagt, og eit lass med rickshaws. Desse rickshawane er pynta i alle slags fargar og pynt med blomster. Serioes “pimp my ride” faktor. Ellers var eg og tyskeren ute paa cafe og saag fotball. Dette var ein selsamd opplevelse sidan vi var 2 europearar som heia pa Nederland og eit lass med kinesarar som heia paa Brasil, i eit rom som ligna meir ein bingosal enn ein kafe…

I dag kjoeyrde vi til Singapore, ca 6 timar med buss. Dei fleste av oss kom oss greit gjennom men ei av jentene blei staande att i grensekontrolle fordi stempelet ut av Malaysia ikkje var tydeleg nok.. Saere Singaporer.. Dette er virkeleg annerledeslandet der dei unge ikkje smugroeyker men smugtygg tyggegummi. Ellers ikkje stort aa sei om dette anna enn at det er skikkeleg deilig aa kunne bu i ein by som ikkje stinkar drit, har rette, fine gater og er utrueleg ryddig og elegant. Har sett Little India og Chinatown (IGJEN!). Har vandra litt omkring i dag, og snart skal vi ut og sjaa fotball og eta ein betre middag.

I morgon er det farvel med dei fleste av turkompisane saa det blir spennande aa sjaa kven dei nye er, og korleis dei ter seg. Ekstra spennande blir det aa sjaa kven eg blir buande paa rom med. Tidleg i morgon gaar flyturen til Jakarta og Java. No har eg vore saa lenge paa tur at eg byrjar aa gloeyme at eg har eit liv heime, slik omtrent. Eg har foreloepig kome saa langt at eg savnar saa mykje av det, eller lengtar heim. Berre litt sentimental over eitt og hitt.

Dagens Pongsitat: “What?! They blocked the road for us, let’s kill em’ and eat em'”

Roggelaat: The Cure – Pictures Of You

2 Replies to “Annerledeslandet”

Comments are closed.