Scener fra en Font-tur

Scene #1 – Den kaldeste dagen i desember

Det er den kaldaste dagen i 2016. Dobbelt ullundertøy og klatreskoa til oppvarming innanfor skjorta. Den jævla steinen var kald å ta på. Tærne var isklumpar og Bas Cuvier såg ut som ei søppelfylling. Alt var drit. Dei andre gjekk ein “Fin og lett 6A”. Eg orka ikkje. Jævla drit. Dei andre byrja å klå på ein 6B, og gjekk den ein etter ein. Eg var kald. Det var kaldare i Font enn i Trondheim. Byrja så vidt å tafse på denne buldern. Tåhook med isklumpar til bein er vanskeleg. Orkar ikkje. Men dei masar. OK da, prøve om att. Det går. Jævla fint. Leif Erik og Eirik finn seg ein 7A dei ikkje greier, mens eg og Ulf vandrar bort til det som kanskje er skogens best kjende bulder “La Marie Rose”. Til og med i dag er det jævla mange folk der. Barfotgærningen Charles Albert kjem sosande forbi på sykkel, varmar opp på ein 7A før han syklar vidare. Vi fylgjer i foteferda til Adam Ondra og sklir av Marie gong på gong. Ulf sender på forsøk 143, det gjer ikkje humøret mitt så mykje bedre. Drikk litt kaffe, prøvar igjen, fell av. “Ok, siste forsøk”. Eg sender. Det går alltid på siste forsøk. Eg trur eg er litt glad. Kanskje.

Scene #2 – Nyttår

Kviledag i Paris. Dreg inn for å slå i hjel tid. Alltid hyggeleg å sjå Sacré-Cœur trone over byen, men vi er på jakt etter nye sko vi kan skulda vår manglande måloppnåing på. Ruslar gatelangs og bles frostrøyk ut i den klåre Paris-lufta. Kjenner historisk sus sviva forbi. Et kjøt i pannekake, noko som sikkert hadde vorte seld på gatekjøken som jønkfood i andre land, men med cider til på eit Crêperie er det kultur og vi kan rynka på augebryna og føla oss som ein del av kontinentet. Førte høfleg samtale om at det var bra vi ikkje var her om kvelden i tilfelle terror, men at det sikkert er tryggare enn nokon gong nett i kveld. Kjøper med foie gras og champagne til den store feiringa. Attende i Font slit vi med å halda oss vakne klokka 22. Når klokka slår 00:00 seier vi pent godt nyttår og bøttar ned eit glas champagne og momsar foie gras. Klokka 00.03 seier vi god natt og legg oss. Stay true, stay rock n’ roll.

Scene #3 – Sokkane

Vi ender opp med å handla matchande ullsokkar på Decathlon. Særs stilige, rekk nesten opp til kneet, fortsatt go-to buldresokkane til alle mann. Fortsatt utgangspunkt for dårlig crag-humor.

Scene #4 – privatundervisning

Kaldt og regn, vi bestemmer oss for å sjekke ut Rocher Fin, som visstnok skal tørka fort. Oppdagar at dei fleste steinane har ei fin hinne av is på toppen. Men vi byrjar å leike oss på kuben. Fleire lette bulder går ned som oppvarming, før vi byrjar på Aretten utan arett. Fint sva, med fine krimpar oppover. Etter nokre forsøk byrjar vi å finne ein slags  beta. Eg set på ein krimp ganske høgt i veggen, taket er fullt av is, eg flippar rundt og landar nesten på trynet (føles det som). Enda godt Eirik ikkje fulgte med som spot.. Går nokre 5arar, og ein lokal pensjonist kjem forbi. Han kan ikkje eit kvekk engelsk, men ting tyder på at han er ganske god til å klatre. Med håndbevegelsar og svak fransk får vi privatundervisning.  Måtte gå opp at 5aren vi nettopp gikk fleire gonger før han er nøgd. Dagens lekse: Ein grad er ingenting utan god stil, og god stil er perfeksjon. Pakkar etterkvart saman, og ruslar ned lia. Møter nok ein pensjonist som er ute og luftar hunden. Han spør om vi har klatra og ristar på hovudet og seier at i dag er ikkje forholda brukbare i det heile tatt. Vi går vidare, og Eirik kan fortelja oss at pensjonisten var Jo Montchaussé.

Scene #5 – Kviledag

Det er fortsatt dårleg vær og is overalt. Vi kjøyrer rundt på måfå for å glo litt. Tek ei lita vandring gjennom Apremont. Tafsar litt på alkymisten og kan konstatere at det umogleg kan vera så forbanna hardt å ta seg opp der. Kjøyrer vidare, innom ein liten plass der vi stoppar på ein restaurant. Drikk varm vin og et dessert sidan vi ikkje gidd middag. Dessertgenerasjonen FTW! Stoppar i Bas Cuvier på vegen heim. Høyrer Jimi Hendrix vrengja gitaren sin der inne blant steinane ein stad. Finn ein gjeng med dreadlocks, hampklær og boomblaster. Dei klatrar litt på ein eller annan stein, medan dei seier ting som “totally rad, dude”. Gi kidza klatresko før tjallen tek dei, seier no eg.

Scene #6 – Siste dag

Varmar opp i 95.2, går litt random bulder. Bevegar oss sakte mot det vesle taket, kanskje mest kjent som åstaden for verdas mest sinna buldrar… Og det kan ein jo skjøna.. Lang burly, men ganske lett sekvens før DET JÆVLA FOTTAKET. Glatt som polert glas, *popp* seier beinet, gong på gong. Eit par tyskerar kjem til for å senda, dei poppar dei og. Eg går ganske fort lei. Etterkvart finn Leif Erik og Eirik seg en ny 7A å detta av. Eg og Antoine byrjar på ein circuit. Veldig ok å rusle rundt og gå halvlette bulder i dag kjenner eg. Finn etter kvart Leif Erik og Eirik på ein ny 7A dei dett av. Vi fortsett på sirkelen vår. Etterkvart ruslar vi mot Retour aux Sources. Ser ut som eit fint bulder. Leif Erik, Eirik og Antoine fell av på tur, medan dei girar opp kvarandre. Eg ligg attendelent på padden og ser sola gå ned i horisonten. Etterkvart vert dei andre ferdig med den siste 7A’en som aldri gjekk, og vi kan rusla heim, pakke sekken og sei farvel til ferske baguettar og croisanter med kolsvart kaffe til frokost, iskalde dagar i verdas flottaste buldreskog, og kveldar med klatrefilm, skjitsnakk og cider.

Kunsten å feige ut

Etter fjellsportkurs samt nokre klæbbturar til Tikneppen med kilesett og godt mot var eg og Andreas klar for større utfordringar. Det var på tide å setja kilane i nytt fjell. Aktuelle turmål vart diskutert fram og attende og valet landa etterkvart på Trænstaven, som virka som ein litt brattare klyvetur.

Klokka tikka sakte mot ferie torsdag, og litt over fire var vi på vegen nordover. Med bagasjen full av potetgull, kaffe og CDar var vi klar for road trippin’. Etter ein heller kjip burger Stjørdal bar det vidare, gjennom Nord-Trøndelag (Snåsa – Gjeeesp!). Vidare gjennom Nordland (Majavatn – Gjeeesp!). Gillian Welch sang søtt om å drøyma ein motorveg heim til deg, og etterkvart kom vi oss til Mosjøen. Etter ein liten beinstrekk ned Sjøgata og ein bagett på ein bensinstasjon var det strake vegen til Sandnessjøen. Været var ustabilt, men lovande. Etter ei kjapp rånerunde fant vi oss ein rasteplass og slo opp teltet i frisk bris. Dagen etter sat vi endeleg på hurtigbåten ut til Træna. Kaffe og bagett blei hivd innpå her også, tydelegvis ein slæger på hurtigbåten (“Ja, det kom ikkje som nokka bombe” sa dama bak kassa når eg bestilte). Endeleg stod vi på kaia på Husøya, båten ut til Sanna gjekk om ca ein time, så vi vandra litt rundt, medan alle lokale helsa på oss som om vi var gamle kjente.

Etter ein fem minutters båttur stod vi ute på Sanna i relativt pent vær. Ein lokal kjika litt på utstyret vårt og sa «Ska dokk gutan prøv dokk på Trænstaven? Vær forsiktig, dæ e glatt i graset no». Vi mumla «jaja, vi skal passe på» og lunta oss gjennom ei busetjing med verdas minste hus. I ei relativt humpete eng slo vi opp teltet og dumpa alt utstyret vi ikkje trengte. medan vi stod her kom ei heftig sluddbyge og kraftig vind kasta over oss, så vi blei litt skeptiske, men vi vandra rundt staven og fant ruta opp. I stiv til sterk kuling krabba vi oss opp den bratte og glatte grasbakken til innsteget. Litt psyka av dette sette vi oss like godt til med ein matbit, og vurderte vegen vidare. Eit tau låg alt klart, men dette hadde heilt klar slitasje. Så det ville ikkje vera til særleg hjelp om vi skulle trenge støtte der oppe. Etter litt repetering på standplass, fomling opp fyrste taulengde, og tiltakande kuling byrja motet å svikta. Vi stira ut på havet og styggvêret der ute. Ei havørn flaug forbi og kunne ikkje brydd seg mindre om dei to tullingane der nede. Kombinasjonen av faktorane førte til at vi tok beslutninga om å ta oss ned frå fjellet før vi i det heile tatt hadde byrja. Vi slang ned rapelltau så godt det lot seg gjera i vinden, og kom oss greit ned til teltplassen. Vi bestemte oss for å ta turen opp på Gumpen istaden, og flytta difor teltleiren i same retning. For å koma seg opp på Gumpen er ein av dei vanlegaste vegane gjennom ein kilometerlang tunnel, så hovudlykt måtte fram. Interessant oppstigning for å sei det slik, i alle fall ein gong. Gumpen baud på flott utsikt over øyriket, og veret var ikkje all verda ille heller. Vi vasa litt rundt på toppen for å finna stigen ned til Kirkehelleren, men sidan vi ikkje eigentleg visste kor denne var blei det med tanken.

Etter eit par kalde whiskey-drammar nede ved teltet var vi begge klar for å krype ned i soveposen. Til tross for stiv/sterk kuling og dertil blafrande teltduk gjekk natta forholdsvis greit. Kjapp frukost dagen etter før vi braut leir for å koma oss ned til kaia. I tolvtida var vi attende på Husøya, og hadde «berre» sju timar til hurtigbåten attende til fastlandet skulle gå. På tide å gjera seg kjent med Træna! Vi vandra litt rundt før vi fant ein kafé der vi kunne slå oss ned. Her kjøpte vi oss kaffe, og den beste kaka eg nokon gong har smakt på Kafé. Så om du nokon gong er på Træna, sjekk ut kakedisken på Amora; Den er verd å drepa for. Vi fekk fort selskap av tre karar som jobba på redningsbåten, og dei var interessert i alle nye fjes på øya. Dei fekk seg ein god latter når dei fekk høyre at vi ikkje hadde funne Kirkehelleren, og at vi hadde lege i telt ute på Sanna i kuling og regn. Men når det kom til vårt avbrotne forsøk på Trænstaven var dei meir tilgivande: «Det e tøffar å la vær». Vi tok ei ny vandring rundt Husøya før vi bestemte oss for å prøva øyas andre spisestad til middag: Kroæ. Vi kom dit klokka fire og fekk beskjed av stamkundane at dei stengte no, men om vi snakka pent med sjefen kunne vi nok få oss litt mat. Så gjorde vi, og vi fekk mat. Nydeleg heimlaga lapskaus, slik bestemor laga. Attende til venterommet, no var det berre eit par timar til båten skulle gå. Og kun ein time til butikken opna (Åpningstidene på den lokale Jokersjappa var eit kapittel for seg sjøl). Vi kjøpte oss litt snop og anna godsaker på butikken før båten skulle koma. Litt før båten skulle koma, fekk vi selskap av den lokale postmannen. Han var ein liten skrue, og sitt vistnok på kaia med ein Solo plus og sjokolade kvar gong hurtigbåten kjem inn. Tida dryga og båten skulle vore her, og vi byrja å ane ugler i mosen. Ein halvtime etter at båten skulle gått kom innehavaren av Kroæ kjøyrande forbi og kunne fortelja oss at hurtigbåten var innstilt grunna styggvær.

Med andre ord blei det nok ei natt på Træna. Vi ringte på Træna Rorbuferie, og blei møtt av ei hyggeleg dame som berre sa «Stakkars! Klart vi har rom, æ kjæm og hente dokk på kaia no». Service! Det var utruleg deilig å kunne strekja seg ut i sofaen på rorbua, ta seg ein liten whisky og sjå ut på været der ute. I løpet av den neste timen kunne vi sjå Trænstaven i ganske mange variantar av vær, og midnattslys. Morgonen etter kunne vi konstatere at været var langt betre. Vi åt litt frukost og såg opp på den lokale toppen Hikelen, og fant ut at vi burde no i det minste greie å få med oss ein tur til før vi for. Som sagt så gjort, og vi labba oss bortover jordet og byrja å kliva. Fant oss ei grei rute opp, og kunne etter kort tid stå på toppen av denne haifinnen og stirre ut over øyriket i all si prakt. Ingenting å sei på det skuet, for å seie det slik. Vi fant normalvegen ned og var kjapt nede på rorbua. Etter å ha vaska oss ut, og levert nøkkel sat vi atter ein gong på venterommet på kaia. Etterkvart opna Joker og vi tusla oss bort for å kjøpe proviant til bilvegen heim. Her helsa alle på oss, og vi hadde ein vag fornemmelse av at alle no kjente til dei to rare søringane som hadde prøvd seg på Trænstaven i kuling, bodd ute på Sanna i telt i ruskeveret og som attpå til ikkje greide å finne Kirkehelleren. Jaja, greit å kunne stå for underhaldninga.

Etter nok ein lang road trip var vi endeleg heime slik i totida på natta. Til tross for at vi ikkje fekk utretta nok som helst av det vi skulle, og i tilegg vart sitjande værfast kan eg ikkje seia anna enn at vi hadde hatt ein strålande tur. Træna er verdt eit besøk i seg sjølv, og når vi i tillegg kan koma heim med sekken full av gode historier og minne om ein og anna snurrig skrue busett på den ytterste nøgne ø så får vi heller tåle at det på Træna no kjem til å bli fortalt skrøner om dei to søringane på tur i lang tid framover.

Purple Haze

Så var eg heime att, og lev livet som sauebonde i Nord-Gudbrandsdalen. Kontrasten kunne vel nesten ikkje vore større. 20 grader kaldare, og ganske så mange hakk stillare. Siste dag i Vietnam foreløp utan vidare viderverdigheiter. Eg og eit par til tusla litt rundt i byen, og var innom Hanoi Hilton (fengselet der John MacCain sat i nokre år under Vietnam-krigen). Fengselet har tidlegare vore brukt av dei franske kolonistane til å fengsle politiske fangar frå vietnam. Frammstillinga av det heile var relativt farga. Seksjonen dedikert fransketida var full av “sjå kordan franskmennene torturerte stakkars, uskuldige kammeratar”. Seksjonen der dei viste fram tida da VietCong brukte det til å fengsle amerikanske krigsfangar var veldig “Sjå kor fint vi behandla dei”. Det var bilete av amerikanske soldatar som spelte basketball i fengselsgarden, John MacCain som får ein suvernir av vietnam når han forlet fengselet.. osv..

Utpå kveldinga var det på tide med middag og feiring av bursdagen til Lisa. Vi gjekk til ein lokal restaurant og åt, og etter at vi var ferdige “trylla” Minji fram ei kake. Deretter eit par øl på ein Bia Hoi, før vi endte opp i baren på “Hanoi Backpacker Hostel”. Backpacker-tacky som berre det. Sterkt prega av dårleg vestleg drikkekultur og backpackerar som er ute på sitt livs eventyr, og lærer om andre kulturar og blir betre menneske (Det vil seie gå på bråfylla gjennom Sørøst-Asia med andre vestlege, og tilbringe dagtida på ei strand, hostelrommet eller på ein cafe med air-condition… Stay true..). Jaggu hadde dei ikkje Sørøst-Asias vondaste drinkar også, det er godt gjort. Etter at dei stengte fortsatte turen til ein trang, sveit og utruleg varm klubb. Denne hadde også veldig vonde drinkar, og kunne skilte med Sørøst-Asias dårlegaste DJ. No høyrest eg kanskje litt bitter ut, og det er kanskje meininga. Men for all del, vi hadde det artig vi! Rocka dansegolvet og drakk billige (men vonde) drinkar så det stod etter. Dei andre skulle opp klokka 06:00 for å nå bussen til Laos, det var det ingen som såg til å bry seg om. Den som hadde hatt staminaen til desse ynglingane.. Kvelden endte etterkvart og vi kom oss alle trygt heim til hotellet, sjølv om nokre sovna på dass etterkvart.

Neste morgon stod eg opp klokka seks for å vinke farvel til mine nye venner. Tre veker på vegen går utruleg fort, og det er utruleg kor sterke band ein kan knyta på så kort tid. Veldig merkeleg å stå igjen på hotelltrappa da dei andre fór, men også ekstremt godt å veta at det ikkje var eg som hadde ein 12 timers busstur framfor meg. Så eg gjekk og la meg igjen nokre timar. Da eg vakna hadde eg prestert å skaffa meg litt feber. Eg og Lisa tusla oss ut av hotellet, den eine febersjuk og den andre fyllesjuk. Ute var det varmt, klamt og fælt å ha feber/væra fyllesjuk, så vi tusla forbi mausoleet til Onkel Ho, og gjekk og sette oss på ein café, og kika litt på bilete og sånt. Triveleg. Etter eit trist farvel med sistekvinne til å forlata Hanoi, Lisa, tok eg drosje til flyplassen, og hang rundt på Hanoi lufthavn og venta på flyet medan eg knaska ibux for å halda feberen ved like. Flyturen heim gjekk heilt greit, og etter ca 24 timar hoppa eg av toget på Otta. Ein ferie over, og ein ny ein byrjar. No er det ei veke som sauebonde som gjeld 😉

 

Eg tenkjer eg avsluttar med litt småtteri eg har gløymt å fortelja om:

– Ein frokost der ein beskjemt Mike kjem først med ei relativt sinna Georgie etter seg. Det viser seg at han hadde syns det var ein god ide å spy i dusjen, noko som hadde blokkert dusjen samt forårsaka ein viss… odør på hotellrommet…

– Michael’s 1001 tatrum. Blant anna på grensa Kambodsja/Vietnam når Meagan aldri slepp gjennom. Han står for seg sjølv midt på vegen og stirre olmt på grensevaktene i  minst ein time. Han går så på dass før han kjem tilbake og utbryt sinna “What if they just spent those fucking money on their toilets insted of a fucking color TV?!”. Eller på ein kafeeane i Hanoi: vi sit alle med menyen, som er smådyr til å væra Vietnam. Plutseleg berre reiser Michael seg og utbryt “I can’t be bothered by this” og forsvinn ut døra.

– Eg og James et krokodille i chili på ein merkeleg restaurant i Nha Trang. Min heftigaste chili-opplevelse nokon sinne trur eg. Vi blir chatta opp av servitrisa som snakkar tidenes verste engelsk. Krokodillekjøt er forresten seige saker. Etter middag returnerar vi til hotellet, og finn alle andre dansande til Madcon på hotellrommet, fulle som alker (Garantert turens fuktigaste kveld for mange, dei hadde drukke brennevin heile dagen…).

– Å bli fløyta på av politimenn i Hanoi fordi vi har vore for lenge stille på same plass..

– Nokre frå vår gruppe sit på ein Bia Hoi rett utanfor klubben vi andre sit på for å drikka billigare øl. Plutselig går betjeninga bananas og trekkjer stolane unna dei og kommanderer dei til å stå i rett, på linje, langsmed fortauskanten. Grunnen? Ein politibil kjøyrde forbi og det var forventa at dei skulle vise respekt.

– Nokre frå vår gruppe sit på ein annan Bia Hoi, ein annan kveld. Krakken til han eine gir opp og knekk saman. Eigarinna går bananas og kjeftar han opp, og krever 70.000 dong for stolen. Noko han nektar, sidan stolen allereide var ganske ustabil alt før han sette seg. Dama og dattera klikkar i vinkel og byrjar å kasta tome ølglass etter dei. Så dei beinar nedover gata. Eitt av ølglassa treffer ei frontrute på ein bil, og lagar hakk.. Trur ølglasa og bilruta kostar meir enn den stakkars plastkrakken.

– Å passera ein fotobutikk i Hanoi, full av gamle kamera av alle typer og slag. Seriøs gloing og sikling på underteikna.

– Eg, Michel og James som inspirert av “Platoon” sit på kupeen og ropar “Ho Chi Minh sucks cock! Raaawr!”. Er ikkje heilt sikker på om togpersonalet satte så pris på det. Artig var det no uansett :p

– Michel finn ikkje passet sitt, og sjekkar all bagasje. Han trur han har gløymt det på hotellrommet, så vi må snu og kjøyre tilbake. Han sjekkar hotellrommet medan vi sjekkar bagasjen hans. Vi finn passet hans i framlomma på sekken. Michel forsvinn bak huset og høge banneord på flamsk møter oss..

– Prøve å navigere ein drosjesjåfør i Bangkok, som ikkje pratar stort med engelsk eller skjønar stort av eit kart, til Wat Pho. Mine spede forsøk på å sei “Wat Pho” hjalp ikkje stort. Eg blei redda av å sjå på kartet at det låg rett ved “Grand Palace”. Eg seier dette, og fyren ser på meg og seier “Aaaah, Wat Pho! You must speak thai! WAT PHO!”. *sukk* Desse tonale språka…

– Drosjesjåføren min frå hotellet til Hanoi Flyplass, som med enda verre engelsk enn overfornevnte prøver (og greier) å snyta meg for 50.000 dong. Han pratar og pratar og slenger ut ei rekke tal som byrjar på fem (5000, 50.000 og til og med 500.000). Eg seier at eg ikkje skjønar, og at eg alt har betalt for drosja til hotellet. Han ser affektert ut og gestikulerar og pratar, men stilnar til slutt. Plutseleg kjem vi til ein bomstasjon og han seier “five thousand”. Eg gir han fem tusen og han seier “no no!” og viser fram ein 50.000 lapp. Eg orkar ikkje å styre med å diskutere med han og slenger over lappen. Han kjøyrer gjennom bomstasjonen uten å betala.

– Georgie og Mike som ikkje vil definere kva dei er. “We’re not friends, we’re not friends with benefits and we’re not a couple. We can not be defined, and it has taken us years to reach our current stage”.

– Å finna ein pub i Sihanoukville som selde øl til 25 cent pr glass under happy hour. Det er fyrste gong eg nokonsinne har spandert ei runde på ti stk. og betalt den nette sum av ca. 20 kroner. Det var ein veldig festleg time da. Dei rammaste drakk 7-8 øl (ca kjøkkenglasstørrelse). Vi blei til og med nekta ny runde på eit punkt fordi vi ikkje hadde drukke opp alt øllet som stod på bordet. Minji måtte dansa på bardisken sidan ho hadde bursdag. Good times!

– Michel som aldri blir fornøygd med joggeskoa han får sydd seg i Hoi An. Han returnerer dei to gonger, og kjeftar og styrer og er generelt ikkje noko godt selskap. Minji får dei til å senda nye sko til Hanoi. Michel er sjølsvsagt like missfornøgd med desse.

– Det slår meg at det høyrest ut som om eg berre har vore på fylla i tre veker, noko som eigentleg ikkje stemmer. Det var rett nok ein del ølling, men vi stod også opp seinast åtte dei fleste dagane, så det seier seg sjølv at det vart noko begrensa lell..

– Jimi Hendrix er soundtracket til Vietnam. Ingenting høyrest bedre ut på øyra medan ein kjøyrer gjennom Vietnam enn Purple Haze.

Over og ut, eg skal gjete sau!

Siste stopp Hanoi

Etter ein liten omtur om Halong Bay, har eg ankome Hanoi. Siste stopp, endepunktet. Dei fleste andre i gruppa vil laurdag morgon fortsetja til Laos, medan eg, Lisa, Jenna og Laura skal finna oss kvart vårt fly heim (eller ein liten svipptur innom India for Lisa sin del). Det blir litt rart å berre stikke av frå desse ansikta eg har blitt kjent med i løpet av tre korte veker, men det skal også bli veldig godt å koma heim til ein plass der oppgjeven pris er oppgjeven pris, ingen prøver å snyta deg konstant (“Look you gave me 10.000 dong not 100.000 dong, you need to give me more money”. “No, give me my 100.000 back I refuse to do bussiness with you”), ein plass der trafikken respekterar trafikklys, ingen påtrengjande seljarar skal selgja deg all verdens skjit (fiiiiive for one dooooolla), ein plass ein ikkje treng kjøpa liter på liter med vatn, konstant passe på sola, lommebok, pass og kamera.. Ja… Du skjønar. Til tross for desse lytene er asia ein vidunderleg plass å feriera. Eg kan gå i flipp flopps heile tida, varmen er leveleg og det er godt å sleppa å kle på seg for å gå ut, eg får øl til under fem kroner, middag omlag like billig, god mat frå ferske råvarer, eit lass med nye sanseinntrykk og erfaringar, og ikkje minst, eit kamera fullt av bilete.

Nok om det, attende til reiseskildring med journalistsisk presisjon! Nattoget til Hanoi var ganske bra, vi drakk øl og spelte kort og kvelda før ti. Eg har sjeldan sove så godt på lenge. Klokka fem satt vi på minibuss ut i frå ein daudstille Hanoi by, og vi var framme i Halong Bay cirka 9, litt frukost og ein liten lur (det blir mykje luring på desse turane), før vi i tolvtida borda vår eigen private junk, og tøffa ut mot kalksteinsklippene og øyane medan vi heiv innpå deilig sjømat. Flott båttur i flotte omgivnader (eit av verdas sju nye naturunderverk vistnok, desse sju underverka flyt litt ut etterkart..). Vi padla inn i ei lagune med sjøkajakk før vi tøffa vidare rundt blant kalksteinsklippene. Ein liten tur innom ei øy med ei grotte i fjellet var siste syn før vi tøffa oss tilbake til sivilisasjonen.

Ny lur, eg og James forsov oss til middag, men det gjorde ingenting for våre energiske vener fekk resepsjonen til å ringja oss opp og skrema livet av oss. Heilt ok middag, og tidleg seng sidan alle var fullstendig utsletne etter nattog og lang dag i solsteiken.

I dag var det minibuss tilbake til Hanoi. Avbrutt kun av ei kort tissepause og ein stopp for å kurere eitt panikkanfall hjå ei av jentene, var vi “straks tilbake” i Hanoi. Her har vi tusla rundt, ete lunsj, nesten blitt påkjøyrd av mopedar igjen, og tusla rundt ein innsjø, før vi benka oss for eitt show med vietnamesisk vatndokketeater. Dette er vistnok ein vietnamesisk tradisjon der dokketeaterer utspelar seg i midjehøgt vatn, og dokkane blir styrt omlag etter Ivo Caprino metoden, med stokkar frå bak scenen og under vatn. Veldig surrealistisk og rart om ein ikkje heng med på historia som går på vietnamesisk. Litt som den vietnamesiske versjonen av Pompel og Pilt eigentleg.

Etterpå middag, og eit par øl på ein Bia Hoi bar. Ein Bia Hoi bar er vel strengt tatt ingen bar.. Det er eit trillevogn, som sel øl frå fat, og nokre pittesmp plastikk-krakkar på gata, både som bord og sitteplass. Dette er naturlege samlingsplassar for vietnamesarar som tydelegvis elskar å henge på gatehjørne.  Og det var vel strengt tatt ganske triveleg, og ølprisen var også veldig overkommeleg; Omlag tre-fire kroner for eit glas øl. No er eg attende på hotellrommet, i morgon er siste dag med gruppa. Vi har planer om å tusle litt rundt i byen og få med oss ei og anna pagode, eitt og anna museum og kanskje stikka og besøkje “Onkel Ho” (Chi Minh) før vi et siste middag saman, og feirar Lisa sin bursdag og markerar slutten på turen for fire av oss. Som sagt, det er triveleg å væra her, og tida frå eg sat på flyet til Bangkok har gått latterleg fort, men jammen skal det bli godt å koma seg heim også.. På tide med litt ferie frå ferien 🙂

Lang dags reise mot natt

Etter ein real middag i Hoi An, var det rett i seng og tid for ein busstur neste dag. Middagen var ein buffet som bestod av satayspyd, vårrullar, masse grønsaker, chillisaus, riskaker osv. som vi rulla inn til nye vårrullar. Denne spiseplassen hadde kun ein rett på menyen og det var denne. Det var supergodt, og vi fekk så mykje vi greide å eta. Betjeninga var også veldig behjelpelege med å visa oss korleis vi skulle eta dette, heilt inntil det punkt at dei faktisk stappa vårrullane inn i munnen på oss..

Men tilbake til bussturen: Vi hadde ein 4-5 timers busstur frå Hoi An til Hué, denne gjekk over ein fantastisk fjellovergang, vegane minna veldig om dei snirklete vegene på vestlandet (Ørnefjellet, Trollstigen), men landskapet var heilt anslein sjølvsagt. Fantastisk tur. Da vi kom til Hué var det rett ut på motorsykkeltur. Vi fekk kvar vår sjåfør og vi kjøyrde rundt til ymse stopp og vart guida/forklart ting undervegs. Fyrste stopp var eit nonnekloster som serverte oss lunsj. Enkel mat, utan kjøtt, men veldig godt. Neste stopp var Bunker hill, ein topp som hadde to bunkerar frå krigen på toppen, ein amerikansk og ein fransk. Vegen dit var veldig lik ein skogsbilveg, og det var relativt intressant å sitta på motorsykkel her. Utsikta frå toppen var fantastisk, og eg har no eitt bilete av “Hamburger Hill”. Wiii!

Vidare gjennom skog og kratt, og ut på vegen (Å sitja på ein motorsykkel i vietnamesisk trafikk er også veldig intressant og til tider ganske skremande, særleg sidan alle vegkryss, også dei store, opererer med fletteregel istaden for høgreregel. Det går jo bra sidan trafikken sjeldan kjøyrer fortare enn 40 og består av motorsyklar. Likevel veldig kaotisk, og veldig mykje tuting..). Vidare gjennom trange bakgater til vi kom til huset til ei dame som lagar tradisjonelle vietnamesiske hattar. Ho var født med ein og ein halv arm, og hadde hatt ein tøff oppvekst, heilt til ho lærte seg å laga hattar, og byrja å få solgt dei (og ikkje minst få seg eitt nettverk av reiseopperatørar osv som kom på besøk). Hattane hennar var utruleg fine og velgjorte, og langt frå dei hattane som går for dobbel pris på markedet. Ho klipte til og med ut mønster i avispapiret som blei brukt som mellomlegg, slik at om du held han opp mot sola så ser du kjente vietnamesiske landemerke.

Vidare til gamlebyen, som var meir som eit slags fort (Citadel), der Nguyen kongane hadde oppholdsstad tidlegare (Hué var tidlegare Vietnam’s hovudsstad). Denne var ganske lik den forbudte by i Kina, både i arkitektur, oppbygging og bruksområde. Flott plass, men vi byrja å bli så slitne og varme at vi ikkje heilt hang med på notane. Så det var eigentleg ganske godt å få fortsetja på turen, som stoppa innom pagoda i byen, også ganske flott, med fin utsikt. Til slutt blei vi (endeleg) kjøyrt heim til hotellet. Det var så vidt vi greide å karre oss ut til middag før vi slokna som utbrente lys heile gjengen.

I dag skal vi hoppe på nattoget til Hanoi i eittida på dagen (eit par timar til). Toget tek ca fjorten timar, og er framme midt på natta. Vi hoppar rett frå toget og over på ein buss som tek oss til forhåpentlegvis eitt av turens høgdepunkt: Halong Bay. Der skal vi i morgon borde vår eigen båt og tøffe ut på cruise. Spanande!

So long and thanks for all the fish!

Ein ny kar

Tre roggar paa to dagar, det er litt heftig kanskje? Men maa jo berre fortelja om korleis eg har blitt ny kar her i Hoi An. Gjekk ut og kjoepte meg skreddarsydd dress i gaar. Dei sydde den “over natta” og eg proevde og tilpassa han i dag. Om nokre minutt kjem han tilkjoeyrt paa hotelldoera. Kult, hae? Svart dress i kashmirull med kvite pin-stripes, vest og to skjorter. Alt til den soete sum av $335. Den ser utruleg bra ut, saa eg syns det er ein relativ god pris. Ellers haandsydde dressko i svart og kvitt. Superduper deal.

Etterpaa gjekk vi til ein barberar som barberte meg, klippa meg, renska oeyrene mine, rensa augene mine og ga meg en massasje. Spenstig oppleving, som tok ca 10 minutt og kosta meg mindre enn 50 kroner. Sweet!  Ellers hadde vi ein super sykkeltur rundt paa landsbygda her i dag, cirka tre timar. Veldig flott og avslappande. Absolutt verdt det sjoelv om eg er litt solbrent paa eine armen.

Tudelduu saa lenge!

Bonusrogg: Gjengen

Liten kjapp presentasjon av folka på tur:

Turguiden vår Minji er frå Sør-Korea. Ho blei sendt til Sørøst-Asia for å operere her da jordskjelvet i Japan sette stoppar for turane der. Ho kjøyrer no sin fyrste sjølvstendige tur her i området, og gjer ein strålande jobb. Gir oss passe med friheit, samtidig som ho er grundig på research og har alltid gode matplassar i ermet. Ho er også veldig sosial, er med ut om kveldane og veldig triveleg og insiktsfull å prata med. Går også under navnet “Mama Minji”. Terningkast 6 på turguide altså (som alltid med GAP).

Romkompisen min James, er frå New Zealand og har budd størsteparten av livet sitt i Australia. Han har nettopp sagt opp jobben sin, og er på tur til Tyskland der han skal flytta saman med kjærasten. Han tek denne turen, deretter ei runde i Korea, før han drar til Tyskland for godt. Kjernekar frå NZ altså, roleg, morrosamd og nesten for triveleg 🙂 Terningkast 6 også på romkamerat.

Tre jenter forlot turen etter Kambodsja. Ei veldig triveleg jente frå Canada, jobbar i reisebransjen og veldig triveleg og lett å snakka med. Ei jente frå USA, og pennevennen hennar frå Østerike, dei var begge trivelege, men eg kom ikkje all verden i kontakt med dei.

To nyankomne jenter Jenna og Lara. Begge veldig unge (21 og 18). Har ikkje fått så mykje kontakt med dei enda, og dei held seg mykje for seg sjølv, men dei er greie å snakka med om ein kjem i kontakt med dei.

Ellers har vi som alltid eit Knoll og Tott par. Josh og Tom frå england. Dei er bestekompisar og 19-20 år gamle. Fulle av pek, alltid glad i øl og tull, men kan også væra seriøse. Dei er utruleg festlege, særleg Josh. Han klagar konstant på kor varmt det er her. Hans løysing på det meste er “Keep on movin”. “It’s soooo hot, keep on movin” seier han og spring rundt og viftar med skjorta. “God, I’m so hungover, I’m gonna be sick, keep on movin”. osv. Artige karar.

Turens eldste deltagar Michelle frå Belgia er 34. Han (ja han er han) er også veldig triveleg, det er ofte eg, James og han (og også gjerne Minji) som heng saman. God humor og flott fyr.

Eit par venner frå Reading Mike og Georgie (ho er ho). Dei har backpacka seg rundt ei stund, og er begge venner (Eg mistenkjer at Georgie er litt intressert i Mike, men at han ikkje heilt får det med seg, men det er berre kvalifisert gjetning). Begge er veldig triveleg. Mike har ein humor eg går godt overeins med og er nok den utanom dei overnevnde som eg heng mest med.

Michael frå NZ/Australia. Nesten stereotypisk homofil, men berre nesten. Glad i fest og morro, og ein triveleg fyr.

Lisa frå England har også backpacka ei stund, og er på tur heim etter ei runde i India. Triveleg jente, veldig rett fram på den britiske måten.

Claudia frå Østerike. Også  veldig rett fram, ikkje spesilet glad i fysisk aktivitet, meir glad i bading, øl og røyk. Som alle andre er også ho veldig triveleg.

Alice frå England, triveleg artig jente, også på backpacking rundt i Australia.

Alex frå Canada. Fransk avstamning. Studerer litteratur, seier ho er profesjonell fotograf og kunstnar. Ho har også vore skiinstruktør, og fått publisert nokre noveller, og jammen har ho ikkje vore modell også. Rart kva ein får tid til på 21 år gitt. Ho er her fordi ho gjerne vil flytte hit til Asia, og starta eit feirestad med spa. Ho er foresten eigentleg ganske triveleg å prata med ho også.

Det var vel det. No veit de litt meir om kven eg flyg rund i Asia med. Kan også fortelja at eg nettopp har blåst rundt to tusen på skreddarsydd dress. Ikkje så verst det vel? For jakke, vest, skjorte og bukse?

Tudelduu så lengje!

Lads on tour, pass the spoon

Sist dykk høyrde frå meg var stranda i Nha Trang. Eg gløymde kanskje å seia at grilldagen inkluderte så mykje alkohol vi greide å drikka. Kombinert med ei kort natt, dehydrering og ein lang dag i sola betydde dette relativt høg promille på ein del av dei yngre i fylgjet. Og eg har no lært den facinerande britiske drikkeleiken “pass the spoon”. Som går ut på at ein har ei skei, som ein sender rundt, medan ein syng “Lads on tour, pass the spoon”. Den som har skeia, må drikke til han får gitt frå seg skeia.. Enkel måte å bli særdeles berusa på, når ein får så mykje rom ein vil ha..

Kvelden endte difor med eit relativt rølpete party på hotellrommet til nokon av britane, før dei stakk ut på byen. Vi i den “eldre garde” gjekk og la oss. Dagen etter stod vi opp og tenkte å leige syklar for å koma oss litt rundt i byen. Sidan graderstokken viste 36 illsinte grader, lurte vi på å skippa det og berre setta oss ved bassenget. Som troll ut av eske dukka to motorsyklistar opp på sida av oss, og lurte på kor vi kom frå og småprata litt, før han vippa ut ei “skrytebok” med skryt frå ulike folk som hadde vore med dei på motorsykkeltur. Han ville sjølvsagt ta oss med på tur. Etter litt fram og tilbake kom vi fram til at vi hoppa på tilbudet, med risiko av å bli satt av på landsbygda i Vietnam utan pengar og kamera. Det viste seg å ikkje væra tilfelle. Vi fekk ein strålande motorsykkeltur rundt om kring landsbygda ved Nha Trang. Dei kjøyrde oss også innom ein tradisjonell familie som vov matter som levebrød Vi fekk prøve å veve matter sjøl, eg brukte rundt eit halvt minutt på å tre grasstrået gjennom. Dei lokale damene brukte ca to sekund. Karane som kjøyrde oss rundt var stø i engelsk og rappe i kjeften, med standardlinjer som “Don’t worry, be happy” og “Easy Rider – fuckin’ cool”. Kombinert med ein strålande frokost og ein strålande lunsj, endte det som til å byrje med såg ut som ein ganske kjedeleg dag ved bassenget opp med å bli blant dei betre dagane her.

På kvelden var det tid for nok eit nattog. Toget skulle gå klokka 22, men var utsett ein halvtime. Medan vi stod der, kom ei dame i pysjamas og dytta i oss og sa at toget kom straks. Så vi tusla ut på perrongen der ho viste oss. Mistenkeleg nok var dette rett utanfor butikken til dama i pysjamas. Merkeleg nok var ho også veldig pushy til å selgja..

Nattoget, som guiden vår Minji kalla “the shit train” var som du kanskje skjønar ikkje like festleg som det forrige. Spraying av kupeen med kakkerlakkspray var første bod. Sengene hadde allereide vore i bruk av andre frå Saigon til Nha Trang, så det var berre å slengje seg ned i ei velbrukt seng. Koooselig.

Etter ei god natts søvn på toget, er vi no framme i skreddarbyen Hoi An. Dette er ein ganske kolonial (Vietnam var fransk koloni) by, og er ganske stille. Noko som for meg er vidunderleg, sidan eg i går holdt på å gå på veggen. Etter ei stund byrjar asiatisk brøk, kaos, varme, stank, mas og kjas å ta på. Ei stund i går tenkte eg faktisk “EG ORKAR IKKJE MEIR ASIA! VÆR SÅ SNILL Å KJØYR MEG HEIM!”. Heldigvis betre no 🙂

No skal eg straks ut og kjøpa meg ny skreddarsydd dress, og håndsydde sko. Er eg heldig får eg alt for under tusenlappen. Så no får du endeleg snart sjå sønnen din i ny dress mor!

Landet med dei 18 millionar motorsyklar

PC’n min oppfører seg relativt idiot på nettverka her så roggane blir for tida skreve på mobil, så det er litt kjipt.

Ei natt i Chau Doc og vi satte nasen mot Saigon, eller Ho Chi Minh byen om du vil. Ein by sterkt prega av at dette landet har høge bilskattar og billige motorsyklar. Rett og slett eit hav av motorsyklar. Du trur det ikkje før du ser det.. så langt sørøstasias verste trafikk. Fotgjengarfelt er guidelines på sitt beste. Så å krysse gata er ein intressant hobby. Hovudsakleg: vær på vakt etter store kjøyretøy. Dei stoppar ikkje. Gå sakte men målbevisst ut i motorsykkelhavet, og dei vil kjøyre rundt deg. Etter nokre stressfulle sekund er du over på andre sida. PS: hugs alle turistråd om å halda på det du bær på. Ei av jentene i fylgjet gjorde ikkje det, og mista fort veska si til ein passerande moped.

Fyrste dag i Saigon blei i all hovudsak brukt til å krysse vegen, gå på marknaden, og å eta middag, sidan vi ankom ganske seint. To nye jenter på turen, har foreløpig ikkje sett stort til dei anna en ved middagar.. har forresten tenkt å presentere gruppa, men det får bli på betre nett.

Andre dag var vi på ekskursjon ut til vietcongtunellane. Dette er eit nettverk av særdeles trange tunellar under jorda som vietcong brukte til å gjøyma seg i, og å til å angripa frå. Det var omlag 200 km med slike tunellar under krigen. Som guide hadde vi ein veteran frå den sør-vietnamesiske hæren. Utruleg intressant og triveleg guide, som fortsatt ikkje heilt likar kommuniststyret her. Han viste oss ulike feller vietcong brukte i sin krig, og korleis dei levde. Til slutt fekk vi lov til å krypa gjennom.140 med tunell, litt utvida så vestlege turistar skulle koma gjennom. Likevel trangt, varmt, klaustrofobisk og klamt. Ein må ha respekt for dei som meir eller mindre levde her i ti år.

Etterpå drog vil til krigsminnemuseet. Her har dei samla bilete og anna dokumentasjon på krigsforbrytelsar frå USA sin side, og krigens ondskap ellers (agent orange anyone?). Ingenting var pakka inn i vatt og det var ekstremt brutalt og rystande bilete. Eitt av turens beste øyeblikk kom da ein i reisefylgjet spurte ei patriotisk amerikansk jente i fylgjet “ser du anslein på krigen no?”. “Ja” svara ho stille “no ser eg at det er ei anna side også”.

Dette var siste dag med tre av jentenee frå Kambodsjaturen, så etter ein tårefylt avskjed barst det avstad på nattog til Na Thrang. Toget var overraskande bra i standard, med reint vestleg toalett og firemannskupe. Triveleg natt i triveleg selskap, sjølv om morgonen kom for tidleg. Na Thrang er strandbyen nummer ein i Vietnam, så etter at vi hadde sjekka inn på hotellet, og ete turens beste frokost med vietnamesiak iskaffe til, blei vi plukka opp av ei lokal dame som tok oss til ei svær strand litt utanfor byen. Vi var dei einaste vestlege på stranda, som ellers var fylt av vietnameserar. Bussturen til stranda blei ganske lystig da ein gamal tysker på moped ikkje har fått med seg fyrste regel i trafikken her: “liten gir plass for stor”. Så han held på og kjøyra rett inn i sida vår, og ropte “what the fuck are you doing?” til den lokale sjåføren, og kjøyrde etter og hytta med neven. Han lev ikkje lengje i denne trafikken.

På stranda bada vi, og slappa av og åt store mengder grillmat som den lokale dama laga til oss. Behageleg dag! Antageleg meir strandliv i morgon,før eit nytt nattog til Hoi An.