Kor mange år brukar ei bjørk på å bli til eit tre?

 

Kva slags spørsmål er det, lurar du kanskje på? Er ikkje eit tre eit tre heilt frå fyrste spire? Joda, du har sjølvsagt heilt rett: Ei bjørk vil alltid vera ei bjørk. Men kva er då eigentleg eit tre? Eller rettare: Kva vil ein forskar definere som eit tre?

Forskarsvar
Svaret du får er som regel eit standard forskar-svar. Ei setning som byrjar med “Det kjem litt an på…” før den avsluttas med ekstremt høg presisjon. “Kjem an på” delen er blant anna knytta til kva tresort det er snakk om, kva område av verda vi talar om, og kva ein skal studere. Med desse to tinga på plass kjem presisjonen (Skal ein forske på noko, må ein jo vite akkurat kva ein skal måle): Når ein studerar tregrensa blir ei bjørk i Noreg til eit tre det augneblikket det når 2 meter.

Kvifor det?
Svaret ligg delvis i at på dette tidspunktet byrjar bjørka å vekse ut av sikkerheita. Spesielt vinterstid er dette viktig, da snøen er ein skyddande ven for bjørkene. Den beskyttar dei mot blant anna frost, vind og beitegnag. No er det ikkje slik at ei bjørk er trygg om den er 199 cm høg eller lev i konstant snøstorm om den er 200 cm høg, men i denne sonen er den svært utsatt mot ulike farar og mange bjørker veks seg aldri over denne høgda.

Skjematisk framstilling av årringvekst.

Kor mange år tek det for ei bjørk å bli til eit tre da?
Som ein god forskar må eg sei: Det kjem litt an på… bjørka… og kor den står… Bjørkene eg har studert har brukt mellom 13 og 40 år på å vekse seg 2 meter høge. Det er ganske stor variasjon med andre ord! Men kordan i alle dagar fant eg ut dette?! Mange hugsar kanskje frå naturfagtimen at tre dannar årringar. Veden som dannar desse ringane legg seg alltid utanpå den eksisterande veden. Sumarved er lys i fargen, medan vinterved er mørkare. Ved å telle årringane kan ein dermed finne ut kor gamalt treet er. Ved hjelp av ein spesiallaga borr, kan ein få ut ei såkalla kjerneprøve, og dermed telle årringane utan å skade treet. Det fine med dette er sjølsagt at du kan borre nede ved bakken og du vil finne ut kor gamalt bjørka er, men du kan også borre 2 meter over bakken. Årringane du då teller fortel deg kor lenge bjørka har vore så høg. Trekk toppen frå botnen, og: Voilá! Du har svaret på kor lang tid det tok for bjørka å bli til eit tre.

Spelar no dette ei rolle? 
Jo, når du kikar på dynamikken i tregrensa, vil du gjerne vita når bjørkene etablerte seg på denne høgda over havet, og kor lang tid det tok frå etablering til det faktisk var ei tregrense der (Skikkelege, 2 meter høge tre!). På denne måten får du eit fingeravtrykk av skogsutviklinga i området. Når du så kikar på tettheit og aldersstruktur på små bjørkeplanter høgare opp i landskapet, kan du ut i frå dette sei noko om potensialet for tilvekst av bjørk, og korleis dette landskapet vil sjå ut i framtida. Vil skogen fortette seg? Vil tregrensa bli verande eller krype oppover? Kanskje ho til og med kjem til å krypa nedover?