Skyttergravskrig mellom skog og fjell

Trea i frontlinjene får ofte harde skader av vær og vind.

Tregrensa, smak på ordet. Ganske fort går tankane over på ei ganske bein linje, så som svenskegrensa. Men er det slik? Kan vi dra ein bein strek langs dalsida og si “Her går grensa!” Nei, sjølvsagt ikkje. Som vi allereie har snakka om i ein tidlegare post er tregrensa ein økoton, altså ein gradvis overgang mellom økosystem. Kanskje er det difor betre å tenkje på tregrensa som eit slags ingenmannsland i ein skyttergravskrig mellom skog og fjell?

I den seinare tid med menneskeskapte klimaendringar har konflikten mellom skog og fjell eskalert, og vi forventar at skogen skal rykke hurtig frem. Sjølv om vi tenkjer at utfallet er gitt på førehand, kan vi kanskje sjå uventa vendingar i framtida. Da kan det vera  greit å undersøke dynamikken, eller for å fortsetja krigsmetaforen: Kanskje vi kan kike litt på kva våpen og allierte som er med?

For tida er det skogen som er angrepsposisjon, og temperaturen nører opp under så godt den kan. Skogen er god på på forsvarsverk. Berre trea får vekse seg store og sterke, blir dei til god beskyttelse for kvarandre. Store tre tek av for vinden, og gjer det lokale klimaet mildare. Og ofte kan dei dele på ressursane gjennom skjulte nettverk under bakken. Skogen har også mobile og hurtige jegertroppar. Dei som blir sendt fram langt bak fienden sine linjer for å laga krøll: frøa. Her i Noreg har vi som oftast fjellbjørk som tregrensetre. Desse har ein litt russisk strategi, nemleg å sende ut store mengder soldatar uten å tenke på overlevnad. Det vil seie at dei sender ut eit høgt antal frø. Antalet har sin pris, og dei er små og har ikkje nødvendigvis veldig god overlevelsesevne. Desse jegertroppane kan ligge ganske langt opp på fjellet, både i form av frø i bakken, og som små planter. Her ligg dei og berre ventar på alliert støtte (høgare temperatur), eller at eigne tropper skal få somla seg til å vekse til som forsvarsverk.

Sauene kan kanskje sjå uskyldige ut, men for fjellet er dei ein sterk alliert.

Så når skogen har ein så fremtredande alliert som temperaturen, velutvikla jegertropper og gode forsvarsverk kva har eigentleg fjellet å stille opp med? Fyrst og fremst har dei ein styrke i å vera i forsvarsposisjon. Det er nemleg ikkje berre berre å rykke inn og etablere seg i eit land. Kanskje særleg ikkje eit land som har ganske brutale allierte som vær og vind. For eksempel kan vind kombinert med snø verka som sandblåsing på trestammer og greiner, og følgjeleg ta rotta på dei før dei veks skikkeleg til. Her i Norge er likevel ein av fjellet sine sterkaste allierte for tida beitedyra, og det er mange av dei. Fleire tenker fort på sau når beitedyr vert nemnt, men det er eit stort mangfald av dyr som er glad i å jafse i seg både blad, knoppar og greiner: rein, hare, rype og bjørkemålarar er blant dei som er særdeles glad i bjørketre. Vedvekst går sakte, og om mesteparten av sumarens innsats forsvinn ned i ein dyremage vert det for trea ofte litt som å trekke kortet “rykk tilbake til start” i Monopol.

Krigen om tregrensa er ei kompleks konflikt, med mange aktørar å halde styr på. Og sjølv om vi ikkje ser den direkte framrykking av skog vi forventar alle stader, er det ganske klart at auka temperatur nører godt opp under skogens krigsmaskin.