Scener fra en Font-tur

Scene #1 – Den kaldeste dagen i desember

Det er den kaldaste dagen i 2016. Dobbelt ullundertøy og klatreskoa til oppvarming innanfor skjorta. Den jævla steinen var kald å ta på. Tærne var isklumpar og Bas Cuvier såg ut som ei søppelfylling. Alt var drit. Dei andre gjekk ein “Fin og lett 6A”. Eg orka ikkje. Jævla drit. Dei andre byrja å klå på ein 6B, og gjekk den ein etter ein. Eg var kald. Det var kaldare i Font enn i Trondheim. Byrja så vidt å tafse på denne buldern. Tåhook med isklumpar til bein er vanskeleg. Orkar ikkje. Men dei masar. OK da, prøve om att. Det går. Jævla fint. Leif Erik og Eirik finn seg ein 7A dei ikkje greier, mens eg og Ulf vandrar bort til det som kanskje er skogens best kjende bulder “La Marie Rose”. Til og med i dag er det jævla mange folk der. Barfotgærningen Charles Albert kjem sosande forbi på sykkel, varmar opp på ein 7A før han syklar vidare. Vi fylgjer i foteferda til Adam Ondra og sklir av Marie gong på gong. Ulf sender på forsøk 143, det gjer ikkje humøret mitt så mykje bedre. Drikk litt kaffe, prøvar igjen, fell av. “Ok, siste forsøk”. Eg sender. Det går alltid på siste forsøk. Eg trur eg er litt glad. Kanskje.

Scene #2 – Nyttår

Kviledag i Paris. Dreg inn for å slå i hjel tid. Alltid hyggeleg å sjå Sacré-Cœur trone over byen, men vi er på jakt etter nye sko vi kan skulda vår manglande måloppnåing på. Ruslar gatelangs og bles frostrøyk ut i den klåre Paris-lufta. Kjenner historisk sus sviva forbi. Et kjøt i pannekake, noko som sikkert hadde vorte seld på gatekjøken som jønkfood i andre land, men med cider til på eit Crêperie er det kultur og vi kan rynka på augebryna og føla oss som ein del av kontinentet. Førte høfleg samtale om at det var bra vi ikkje var her om kvelden i tilfelle terror, men at det sikkert er tryggare enn nokon gong nett i kveld. Kjøper med foie gras og champagne til den store feiringa. Attende i Font slit vi med å halda oss vakne klokka 22. Når klokka slår 00:00 seier vi pent godt nyttår og bøttar ned eit glas champagne og momsar foie gras. Klokka 00.03 seier vi god natt og legg oss. Stay true, stay rock n’ roll.

Scene #3 – Sokkane

Vi ender opp med å handla matchande ullsokkar på Decathlon. Særs stilige, rekk nesten opp til kneet, fortsatt go-to buldresokkane til alle mann. Fortsatt utgangspunkt for dårlig crag-humor.

Scene #4 – privatundervisning

Kaldt og regn, vi bestemmer oss for å sjekke ut Rocher Fin, som visstnok skal tørka fort. Oppdagar at dei fleste steinane har ei fin hinne av is på toppen. Men vi byrjar å leike oss på kuben. Fleire lette bulder går ned som oppvarming, før vi byrjar på Aretten utan arett. Fint sva, med fine krimpar oppover. Etter nokre forsøk byrjar vi å finne ein slags  beta. Eg set på ein krimp ganske høgt i veggen, taket er fullt av is, eg flippar rundt og landar nesten på trynet (føles det som). Enda godt Eirik ikkje fulgte med som spot.. Går nokre 5arar, og ein lokal pensjonist kjem forbi. Han kan ikkje eit kvekk engelsk, men ting tyder på at han er ganske god til å klatre. Med håndbevegelsar og svak fransk får vi privatundervisning.  Måtte gå opp at 5aren vi nettopp gikk fleire gonger før han er nøgd. Dagens lekse: Ein grad er ingenting utan god stil, og god stil er perfeksjon. Pakkar etterkvart saman, og ruslar ned lia. Møter nok ein pensjonist som er ute og luftar hunden. Han spør om vi har klatra og ristar på hovudet og seier at i dag er ikkje forholda brukbare i det heile tatt. Vi går vidare, og Eirik kan fortelja oss at pensjonisten var Jo Montchaussé.

Scene #5 – Kviledag

Det er fortsatt dårleg vær og is overalt. Vi kjøyrer rundt på måfå for å glo litt. Tek ei lita vandring gjennom Apremont. Tafsar litt på alkymisten og kan konstatere at det umogleg kan vera så forbanna hardt å ta seg opp der. Kjøyrer vidare, innom ein liten plass der vi stoppar på ein restaurant. Drikk varm vin og et dessert sidan vi ikkje gidd middag. Dessertgenerasjonen FTW! Stoppar i Bas Cuvier på vegen heim. Høyrer Jimi Hendrix vrengja gitaren sin der inne blant steinane ein stad. Finn ein gjeng med dreadlocks, hampklær og boomblaster. Dei klatrar litt på ein eller annan stein, medan dei seier ting som “totally rad, dude”. Gi kidza klatresko før tjallen tek dei, seier no eg.

Scene #6 – Siste dag

Varmar opp i 95.2, går litt random bulder. Bevegar oss sakte mot det vesle taket, kanskje mest kjent som åstaden for verdas mest sinna buldrar… Og det kan ein jo skjøna.. Lang burly, men ganske lett sekvens før DET JÆVLA FOTTAKET. Glatt som polert glas, *popp* seier beinet, gong på gong. Eit par tyskerar kjem til for å senda, dei poppar dei og. Eg går ganske fort lei. Etterkvart finn Leif Erik og Eirik seg en ny 7A å detta av. Eg og Antoine byrjar på ein circuit. Veldig ok å rusle rundt og gå halvlette bulder i dag kjenner eg. Finn etter kvart Leif Erik og Eirik på ein ny 7A dei dett av. Vi fortsett på sirkelen vår. Etterkvart ruslar vi mot Retour aux Sources. Ser ut som eit fint bulder. Leif Erik, Eirik og Antoine fell av på tur, medan dei girar opp kvarandre. Eg ligg attendelent på padden og ser sola gå ned i horisonten. Etterkvart vert dei andre ferdig med den siste 7A’en som aldri gjekk, og vi kan rusla heim, pakke sekken og sei farvel til ferske baguettar og croisanter med kolsvart kaffe til frokost, iskalde dagar i verdas flottaste buldreskog, og kveldar med klatrefilm, skjitsnakk og cider.

Kunsten å feige ut

Etter fjellsportkurs samt nokre klæbbturar til Tikneppen med kilesett og godt mot var eg og Andreas klar for større utfordringar. Det var på tide å setja kilane i nytt fjell. Aktuelle turmål vart diskutert fram og attende og valet landa etterkvart på Trænstaven, som virka som ein litt brattare klyvetur.

Klokka tikka sakte mot ferie torsdag, og litt over fire var vi på vegen nordover. Med bagasjen full av potetgull, kaffe og CDar var vi klar for road trippin’. Etter ein heller kjip burger Stjørdal bar det vidare, gjennom Nord-Trøndelag (Snåsa – Gjeeesp!). Vidare gjennom Nordland (Majavatn – Gjeeesp!). Gillian Welch sang søtt om å drøyma ein motorveg heim til deg, og etterkvart kom vi oss til Mosjøen. Etter ein liten beinstrekk ned Sjøgata og ein bagett på ein bensinstasjon var det strake vegen til Sandnessjøen. Været var ustabilt, men lovande. Etter ei kjapp rånerunde fant vi oss ein rasteplass og slo opp teltet i frisk bris. Dagen etter sat vi endeleg på hurtigbåten ut til Træna. Kaffe og bagett blei hivd innpå her også, tydelegvis ein slæger på hurtigbåten (“Ja, det kom ikkje som nokka bombe” sa dama bak kassa når eg bestilte). Endeleg stod vi på kaia på Husøya, båten ut til Sanna gjekk om ca ein time, så vi vandra litt rundt, medan alle lokale helsa på oss som om vi var gamle kjente.

Etter ein fem minutters båttur stod vi ute på Sanna i relativt pent vær. Ein lokal kjika litt på utstyret vårt og sa «Ska dokk gutan prøv dokk på Trænstaven? Vær forsiktig, dæ e glatt i graset no». Vi mumla «jaja, vi skal passe på» og lunta oss gjennom ei busetjing med verdas minste hus. I ei relativt humpete eng slo vi opp teltet og dumpa alt utstyret vi ikkje trengte. medan vi stod her kom ei heftig sluddbyge og kraftig vind kasta over oss, så vi blei litt skeptiske, men vi vandra rundt staven og fant ruta opp. I stiv til sterk kuling krabba vi oss opp den bratte og glatte grasbakken til innsteget. Litt psyka av dette sette vi oss like godt til med ein matbit, og vurderte vegen vidare. Eit tau låg alt klart, men dette hadde heilt klar slitasje. Så det ville ikkje vera til særleg hjelp om vi skulle trenge støtte der oppe. Etter litt repetering på standplass, fomling opp fyrste taulengde, og tiltakande kuling byrja motet å svikta. Vi stira ut på havet og styggvêret der ute. Ei havørn flaug forbi og kunne ikkje brydd seg mindre om dei to tullingane der nede. Kombinasjonen av faktorane førte til at vi tok beslutninga om å ta oss ned frå fjellet før vi i det heile tatt hadde byrja. Vi slang ned rapelltau så godt det lot seg gjera i vinden, og kom oss greit ned til teltplassen. Vi bestemte oss for å ta turen opp på Gumpen istaden, og flytta difor teltleiren i same retning. For å koma seg opp på Gumpen er ein av dei vanlegaste vegane gjennom ein kilometerlang tunnel, så hovudlykt måtte fram. Interessant oppstigning for å sei det slik, i alle fall ein gong. Gumpen baud på flott utsikt over øyriket, og veret var ikkje all verda ille heller. Vi vasa litt rundt på toppen for å finna stigen ned til Kirkehelleren, men sidan vi ikkje eigentleg visste kor denne var blei det med tanken.

Etter eit par kalde whiskey-drammar nede ved teltet var vi begge klar for å krype ned i soveposen. Til tross for stiv/sterk kuling og dertil blafrande teltduk gjekk natta forholdsvis greit. Kjapp frukost dagen etter før vi braut leir for å koma oss ned til kaia. I tolvtida var vi attende på Husøya, og hadde «berre» sju timar til hurtigbåten attende til fastlandet skulle gå. På tide å gjera seg kjent med Træna! Vi vandra litt rundt før vi fant ein kafé der vi kunne slå oss ned. Her kjøpte vi oss kaffe, og den beste kaka eg nokon gong har smakt på Kafé. Så om du nokon gong er på Træna, sjekk ut kakedisken på Amora; Den er verd å drepa for. Vi fekk fort selskap av tre karar som jobba på redningsbåten, og dei var interessert i alle nye fjes på øya. Dei fekk seg ein god latter når dei fekk høyre at vi ikkje hadde funne Kirkehelleren, og at vi hadde lege i telt ute på Sanna i kuling og regn. Men når det kom til vårt avbrotne forsøk på Trænstaven var dei meir tilgivande: «Det e tøffar å la vær». Vi tok ei ny vandring rundt Husøya før vi bestemte oss for å prøva øyas andre spisestad til middag: Kroæ. Vi kom dit klokka fire og fekk beskjed av stamkundane at dei stengte no, men om vi snakka pent med sjefen kunne vi nok få oss litt mat. Så gjorde vi, og vi fekk mat. Nydeleg heimlaga lapskaus, slik bestemor laga. Attende til venterommet, no var det berre eit par timar til båten skulle gå. Og kun ein time til butikken opna (Åpningstidene på den lokale Jokersjappa var eit kapittel for seg sjøl). Vi kjøpte oss litt snop og anna godsaker på butikken før båten skulle koma. Litt før båten skulle koma, fekk vi selskap av den lokale postmannen. Han var ein liten skrue, og sitt vistnok på kaia med ein Solo plus og sjokolade kvar gong hurtigbåten kjem inn. Tida dryga og båten skulle vore her, og vi byrja å ane ugler i mosen. Ein halvtime etter at båten skulle gått kom innehavaren av Kroæ kjøyrande forbi og kunne fortelja oss at hurtigbåten var innstilt grunna styggvær.

Med andre ord blei det nok ei natt på Træna. Vi ringte på Træna Rorbuferie, og blei møtt av ei hyggeleg dame som berre sa «Stakkars! Klart vi har rom, æ kjæm og hente dokk på kaia no». Service! Det var utruleg deilig å kunne strekja seg ut i sofaen på rorbua, ta seg ein liten whisky og sjå ut på været der ute. I løpet av den neste timen kunne vi sjå Trænstaven i ganske mange variantar av vær, og midnattslys. Morgonen etter kunne vi konstatere at været var langt betre. Vi åt litt frukost og såg opp på den lokale toppen Hikelen, og fant ut at vi burde no i det minste greie å få med oss ein tur til før vi for. Som sagt så gjort, og vi labba oss bortover jordet og byrja å kliva. Fant oss ei grei rute opp, og kunne etter kort tid stå på toppen av denne haifinnen og stirre ut over øyriket i all si prakt. Ingenting å sei på det skuet, for å seie det slik. Vi fant normalvegen ned og var kjapt nede på rorbua. Etter å ha vaska oss ut, og levert nøkkel sat vi atter ein gong på venterommet på kaia. Etterkvart opna Joker og vi tusla oss bort for å kjøpe proviant til bilvegen heim. Her helsa alle på oss, og vi hadde ein vag fornemmelse av at alle no kjente til dei to rare søringane som hadde prøvd seg på Trænstaven i kuling, bodd ute på Sanna i telt i ruskeveret og som attpå til ikkje greide å finne Kirkehelleren. Jaja, greit å kunne stå for underhaldninga.

Etter nok ein lang road trip var vi endeleg heime slik i totida på natta. Til tross for at vi ikkje fekk utretta nok som helst av det vi skulle, og i tilegg vart sitjande værfast kan eg ikkje seia anna enn at vi hadde hatt ein strålande tur. Træna er verdt eit besøk i seg sjølv, og når vi i tillegg kan koma heim med sekken full av gode historier og minne om ein og anna snurrig skrue busett på den ytterste nøgne ø så får vi heller tåle at det på Træna no kjem til å bli fortalt skrøner om dei to søringane på tur i lang tid framover.