Ondskapens historie

Da har vi vore gjennom ein av dei dystrare delane av denne turen. S-21 og Killing Fields. S-21 er fengselet i Phnom Penh der alle dei “politiske” fangane i nærleiken av Phnom Penh blei sende under Røde Khmer regimet. Vistnok skal ein stad mellom 12 og 17.000 fangar ha vore gjennom fengselet. Da Vietnamesiske soldatar kom til fengselet fant dei 7 overlevande… Gangane og cellene i S-21 står meir eller mindre som dei gjorde da fengslet blei forlatt, med kulehol i veggen og blodflekkar på golvet. Alle fangar som kom inn her blei tatt bilete av. Om dei var torturert eller døde blei dei også tatt bilde av, og alle bileta som har blitt funne er hengt opp på veggane her. Det er ganske rystande å gå forbi omlag 5000 portrettfoto, og veta at samtlege har blitt torturert og drept på bestialsk vis. Nokon av bileta viste folk som var stygt torturert og banka, andre var døde. Mest inntrykk gjorde kanskje bilete av ein liten gut på omlag 10 som hadde fått nummerskiltet hengt med sikkerheitsnål som var stukke gjennom skinnet i halsen.

Etter ei runde på S-21 kjørte vi ut til Killing Fields, på vegen hoppa ein hund ut i vegbana og blei overkjørt av minibussen vår. Dei lokale hoppa rett ut i vegbana og bortimot sloss om den. Det blei nok middag for ein lykkeleg familie om kvelden… Forståeleg nok, men likevel litt merkeleg var det at dei fleste var meir sjokka over ein laushund enn S-21. Killing fields var som navnet seier ingen triveleg plass. Dette er meassegravane der fangane frå S-21 blei dratt ut og drept. Nokre av massegravene er undersøkt, men dei fleste er fortsatt lukka. Likevel, med regnet blir beinrester og lignande vaska opp, og vi gjekk omkring og tråkka på beinrester frå menneske. Ganske grusomt. Grusomt var det også å sjå eit tre dei brukte til å drepa babyar mot. Mødrene blei tvinga til å sjå på medan Røde Khmer soldatane slo ungane mot treet til dei var daude. Andre måtar dei drap babyar på var å kaste dei opp i lufta og skyte dei, eller å spidde dei på bajonett på turen ned. Alt mens mødrene måtte sjå på. Røde Khmer slapp å drepa dei fleste av mødrene, dei fleste av dei fekk hjarteinfarkt og døydde når dei såg ungane bli drept. Absolutt ikkje trivelege greier. Dyster stemning på bussen heim kan du seia.

For å lette på stemninga for vi difor på eit barnehjem etter lunsj. Her fekk vi leike med ungane og prate med dei (dei fleste prata veldig godt engelsk). Veldig forløysande. Dei har også noko verkeleg rare leikar her… Blant anna ein der ein sit i ring og ein går rundt med eit opprulla håndkle. Vedkommande slepper så handklede på ryggen til ein av dei i ringen, vedkommande til høgra skal da springe ei runde rundt, medan han med handkledet spring etter og slår/piskar han så godt han kan. Spring fort eller bli slått med andre ord. Nokon av ungane slo seriøst hardt etter kvarandre, og dei lo av oss som ikkje turte slå den som sprang før oss. Good times.

Etter dette bar det ut på sykkeltur med cyclo. Ein slags einseters rickshaw. Veldig behageleg måte å sjå byen på. Og karane som sykla verka til å vera trivelege karar (dette er eit slags rehabiliteringsprogram eller noko, der fattige kan sykle for eit par kronar og middag osv). Så etter ei god runde rundt i det franske kvartalet osv. Dette blei med andre ord ein lang og ganske mentalt utslitande dag. Så det blei rett i seng etter middag og ei lita runde på markedet (Sørøstasia sitt tammaste marked trur eg, men dei hadde kambodsjanske b-boys som dansa til britney da…).

I dag har vi bussa frå Phnom Penh til Sianoukville, her byrja det å monsunregne rett etter at vi kom hit så det er ikkje stort vi har gjort eigentleg. I morgon skal vi ut på snorkletur og øyhopping. Det kan bli bra.

Tudelduu!

One Reply to “Ondskapens historie”

  1. Haha – den leken kjenner jeg godt!! Den var fast rutine på oppvarming på judotrening! Husker ikke helt hva vi kalte den (beltesura?) men var rimelig effektivt iallefall. Vi brukte selfølgelig beltene våre å slå med istedet for håndduk da… Og vi lå på magen, og hvis man la seg ned måtte den ved siden av opp og løpe for livet isteden. Artig lek 😛

Comments are closed.