Lang dags reise mot natt

Etter ein real middag i Hoi An, var det rett i seng og tid for ein busstur neste dag. Middagen var ein buffet som bestod av satayspyd, vårrullar, masse grønsaker, chillisaus, riskaker osv. som vi rulla inn til nye vårrullar. Denne spiseplassen hadde kun ein rett på menyen og det var denne. Det var supergodt, og vi fekk så mykje vi greide å eta. Betjeninga var også veldig behjelpelege med å visa oss korleis vi skulle eta dette, heilt inntil det punkt at dei faktisk stappa vårrullane inn i munnen på oss..

Men tilbake til bussturen: Vi hadde ein 4-5 timers busstur frå Hoi An til Hué, denne gjekk over ein fantastisk fjellovergang, vegane minna veldig om dei snirklete vegene på vestlandet (Ørnefjellet, Trollstigen), men landskapet var heilt anslein sjølvsagt. Fantastisk tur. Da vi kom til Hué var det rett ut på motorsykkeltur. Vi fekk kvar vår sjåfør og vi kjøyrde rundt til ymse stopp og vart guida/forklart ting undervegs. Fyrste stopp var eit nonnekloster som serverte oss lunsj. Enkel mat, utan kjøtt, men veldig godt. Neste stopp var Bunker hill, ein topp som hadde to bunkerar frå krigen på toppen, ein amerikansk og ein fransk. Vegen dit var veldig lik ein skogsbilveg, og det var relativt intressant å sitta på motorsykkel her. Utsikta frå toppen var fantastisk, og eg har no eitt bilete av “Hamburger Hill”. Wiii!

Vidare gjennom skog og kratt, og ut på vegen (Å sitja på ein motorsykkel i vietnamesisk trafikk er også veldig intressant og til tider ganske skremande, særleg sidan alle vegkryss, også dei store, opererer med fletteregel istaden for høgreregel. Det går jo bra sidan trafikken sjeldan kjøyrer fortare enn 40 og består av motorsyklar. Likevel veldig kaotisk, og veldig mykje tuting..). Vidare gjennom trange bakgater til vi kom til huset til ei dame som lagar tradisjonelle vietnamesiske hattar. Ho var født med ein og ein halv arm, og hadde hatt ein tøff oppvekst, heilt til ho lærte seg å laga hattar, og byrja å få solgt dei (og ikkje minst få seg eitt nettverk av reiseopperatørar osv som kom på besøk). Hattane hennar var utruleg fine og velgjorte, og langt frå dei hattane som går for dobbel pris på markedet. Ho klipte til og med ut mønster i avispapiret som blei brukt som mellomlegg, slik at om du held han opp mot sola så ser du kjente vietnamesiske landemerke.

Vidare til gamlebyen, som var meir som eit slags fort (Citadel), der Nguyen kongane hadde oppholdsstad tidlegare (Hué var tidlegare Vietnam’s hovudsstad). Denne var ganske lik den forbudte by i Kina, både i arkitektur, oppbygging og bruksområde. Flott plass, men vi byrja å bli så slitne og varme at vi ikkje heilt hang med på notane. Så det var eigentleg ganske godt å få fortsetja på turen, som stoppa innom pagoda i byen, også ganske flott, med fin utsikt. Til slutt blei vi (endeleg) kjøyrt heim til hotellet. Det var så vidt vi greide å karre oss ut til middag før vi slokna som utbrente lys heile gjengen.

I dag skal vi hoppe på nattoget til Hanoi i eittida på dagen (eit par timar til). Toget tek ca fjorten timar, og er framme midt på natta. Vi hoppar rett frå toget og over på ein buss som tek oss til forhåpentlegvis eitt av turens høgdepunkt: Halong Bay. Der skal vi i morgon borde vår eigen båt og tøffe ut på cruise. Spanande!

So long and thanks for all the fish!