Landet med dei 18 millionar motorsyklar

PC’n min oppfører seg relativt idiot på nettverka her så roggane blir for tida skreve på mobil, så det er litt kjipt.

Ei natt i Chau Doc og vi satte nasen mot Saigon, eller Ho Chi Minh byen om du vil. Ein by sterkt prega av at dette landet har høge bilskattar og billige motorsyklar. Rett og slett eit hav av motorsyklar. Du trur det ikkje før du ser det.. så langt sørøstasias verste trafikk. Fotgjengarfelt er guidelines på sitt beste. Så å krysse gata er ein intressant hobby. Hovudsakleg: vær på vakt etter store kjøyretøy. Dei stoppar ikkje. Gå sakte men målbevisst ut i motorsykkelhavet, og dei vil kjøyre rundt deg. Etter nokre stressfulle sekund er du over på andre sida. PS: hugs alle turistråd om å halda på det du bær på. Ei av jentene i fylgjet gjorde ikkje det, og mista fort veska si til ein passerande moped.

Fyrste dag i Saigon blei i all hovudsak brukt til å krysse vegen, gå på marknaden, og å eta middag, sidan vi ankom ganske seint. To nye jenter på turen, har foreløpig ikkje sett stort til dei anna en ved middagar.. har forresten tenkt å presentere gruppa, men det får bli på betre nett.

Andre dag var vi på ekskursjon ut til vietcongtunellane. Dette er eit nettverk av særdeles trange tunellar under jorda som vietcong brukte til å gjøyma seg i, og å til å angripa frå. Det var omlag 200 km med slike tunellar under krigen. Som guide hadde vi ein veteran frå den sør-vietnamesiske hæren. Utruleg intressant og triveleg guide, som fortsatt ikkje heilt likar kommuniststyret her. Han viste oss ulike feller vietcong brukte i sin krig, og korleis dei levde. Til slutt fekk vi lov til å krypa gjennom.140 med tunell, litt utvida så vestlege turistar skulle koma gjennom. Likevel trangt, varmt, klaustrofobisk og klamt. Ein må ha respekt for dei som meir eller mindre levde her i ti år.

Etterpå drog vil til krigsminnemuseet. Her har dei samla bilete og anna dokumentasjon på krigsforbrytelsar frå USA sin side, og krigens ondskap ellers (agent orange anyone?). Ingenting var pakka inn i vatt og det var ekstremt brutalt og rystande bilete. Eitt av turens beste øyeblikk kom da ein i reisefylgjet spurte ei patriotisk amerikansk jente i fylgjet “ser du anslein på krigen no?”. “Ja” svara ho stille “no ser eg at det er ei anna side også”.

Dette var siste dag med tre av jentenee frå Kambodsjaturen, så etter ein tårefylt avskjed barst det avstad på nattog til Na Thrang. Toget var overraskande bra i standard, med reint vestleg toalett og firemannskupe. Triveleg natt i triveleg selskap, sjølv om morgonen kom for tidleg. Na Thrang er strandbyen nummer ein i Vietnam, så etter at vi hadde sjekka inn på hotellet, og ete turens beste frokost med vietnamesiak iskaffe til, blei vi plukka opp av ei lokal dame som tok oss til ei svær strand litt utanfor byen. Vi var dei einaste vestlege på stranda, som ellers var fylt av vietnameserar. Bussturen til stranda blei ganske lystig da ein gamal tysker på moped ikkje har fått med seg fyrste regel i trafikken her: “liten gir plass for stor”. Så han held på og kjøyra rett inn i sida vår, og ropte “what the fuck are you doing?” til den lokale sjåføren, og kjøyrde etter og hytta med neven. Han lev ikkje lengje i denne trafikken.

På stranda bada vi, og slappa av og åt store mengder grillmat som den lokale dama laga til oss. Behageleg dag! Antageleg meir strandliv i morgon,før eit nytt nattog til Hoi An.