One Night in Bangkok

Da var eg her, i Bangkok, særdeles tett i nasen og sår i halsen. Skulle jo sjølvsagt bli ganske så forkjøla før eg dro. Uansett, ankom klokka 05:30 lokal tid i dag. Tråkla meg gjennom tog og metro midt i rushet, og fikk heldigvis sjekka inn på hotellet kl. 08 om morgonen. Cred!

Sov av meg litt jet lag og forkjølelse, før eg fanga ei drosje og sjekka ut den liggende Buddhaen i Wat Poh, tusla litt rundt på markeda rundt der, og åt litt lunsj før eg strauk attende til hotellet. Her venta min nye romkammerat på meg, ein triveleg fyr frå New Zealand, som nettopp har sagt opp jobben og er på ein omtur på veg mot München.

Ellers relativt spenstig start på denne turen, som har gjort at eg har mista all tru på Værnes-ekspressen. Dei har ein avgang i timen og første avgang 07.40 frå gløshaugen på søndagar. Denne var enten særdeles forsinka eller innstilt utan vidare beskjed. Så der stod og var ganske så desperat etter å kom meg til Værnes, resultatet vart telefon til taxi og budsjettsprekk på 650,- Takk for ingenting Værnesekspressen.

Ellers gjekk flyturen særdeles greit, bortsett frå at noko eksploderte ved vingen ved take off (trur det var ei elektrisk ladning i skyene eller noko), som skremde livet av meg. Det er ikkje kos at ting seier PANG i vingeområdet på fly i lufta. Flyet eg tok var såpass lite befolka at eg fekk ei seterad på 3 for meg sjølv, LUKSUS! Tenk å kunne ligg rett ut og sova på eit fly!

No skal eg ut å kjøpe meg nasespray også skal vi møte resten av gruppa i seks tida i kveld. Tudel duu, berre ein liten post for å fortelja slekt og venner at eg er i live.

Angkor What?

Denne bloggen vaknar tydelegvis til live ein gong i året… Og det er når eg fér på ferie, no har den tida kome igjen. Sundag går flyet til Bangkok, Jørn og sporken set atter ein gong kursen mot Sørøst-Asia. Denne gongen står Kambodsja og Vietnam for tur.

“Jamen, vil du ikkje heller prøve eit anna kontinent, noko heilt anna?” Seier du kanskje. Vel, det kan så væra, men i fjor drog eg eigentleg mest på lykke og fromme, mitt einaste mål var “å koma meg ut i verda”, så eg gjekk meir eller mindre til Kilroy og sa “Eg har max 5 veker, eg vil ut på tur, eg tenkjer kanskje Thailand eller noko”. I år dreg eg dit eg har mest lyst til å dra akkurat no: Kambodsja. Eg høyrte mykje bra om landet i fjor sommar. Angkor Wat står høgast på lista mi over “Menneskeskapte vidunder eg vil sjå”, og sist men ikkje minst: Eg har veldig lyst til å sjå på nære hald eit land og eit samfunn som har vore gjennom eitt av moderne tids mørkaste kapittel, Pol Pot sitt regime. Eg vil også gjerne sjå korleis landet har reist seg igjen i ettertid og no atter kan smile til verda. Det same gjeld eigentleg for Vietnam, eit land som smiler breidare enn nokon gong, og vistnok har “gløymt” Vietnamkrigen for lenge sidan.

På mange måtar håpar eg å få ein leksjon i det å takle motgang, og reise seg igjen med eit smil. Det høyrest kanskje pretensiøst og litt mykje å be om ut frå ein ferietur, men vi får sjå korleis det går. Tross alt vil jo ein del av opplevingane gå på nett dette: S-21, Killing Fields, the war museum, gangane til VietCong… Ellers er det jo eitt eller anna med det å dra til Asia som er ganske spennande. Ein veit liksom aldri heilt kva som ventar rundt neste gatehjørne her, det kan væra ei trillevogn med den beste maten i verda, eller det kan væra ein flokk laushundar, eller ein blind gatesanger, eller 8 personar og ein vannbøffel på ein moped. Ting er litt anslein, ein får litt nye auge. Eller for å sitere ein av turguidane mine i fjor: “Get lost! It’s the coolest thing you can do in Asia”.