Eit par småting eg har lært på tur:
- Velg dine flipp-flopp med omhu. Dei blir snart dine beste venner.
- Rambutan er godt.
- Det er kjipt å heite Jørn når alle snakkar engelsk, men det er verre å heite Simen.
- Same kor lite du pakkar med deg er det alltid for mykje.
- Dersom du prøvar å går frå den du prutar med halverast fort prisen.
- Dersom dei lokale er for hyggeleg vil dei selja deg noko.
- Det er lett å bli forelska i Indonesia.
- Ikkje gå på fortauet, gå i gata.
- Asia er fullt av vestlege folk som gjer deg flau over å koma frå vesten.
- YOLO.
- Heimebrent blir ikkje betre av at ein selg det over disk og kallar det arak.
- Det er større sjans for å bli dårleg i magen om du et pizza med bacon enn om du et kylling frå ein gateseljar.
- På Bali er dei blide og glade når dei bær sine døde til kremering.
- Teite armband og blinkande digitalklokker vil til slutt finne vegen til din arm også.
- Det finnst alltid ein Chinatown.
- Det finnst også alltid eit Little India.
- Sarong er eit behageleg klesplagg som kan brukast til det meste.
- Tigerbalsam løyser alle dine problem.
- Rambutan er godt.