Kjapp oppdatering foer eg drar ut i det internettloese land igjen. Dette er siste dag i Yogyakarta. Dagen i gaar hadde ein litt kjip start da magen min tydelegvis ikkje trivdes spesielt godt her i Indonesia. Heldigvis var det nok med ein immodium for aa stoppe det. Sakay ga meg deretter ei av sine “magic pills”, som vistnok var eitt eller anna som tok knekken paa slemme bakterier. Funka gull! Dagen i gaar var ellers ein ganske lat dag. Vi var ein snartur i Vannpalasset, eit palass som hovudsakleg var bygd for at Sultanen kunne kose seg med sin konkubiner. Vi var ogsaa ein snartur innom den tilhoeyrande underjordiske moskeen. Flotte greier. Deretter tusla vi rundt ei lita runde paa fuglemarkedet. Som det kanskje ligg i navnet, saa er dette ein plass der dei selg fuglar, samt alle andre slag dyr.Vi vandra deretter vidare til hovudgata og titta litt paa livet og aat litt mat foer vi for tilbake til hotellet og kosa oss litt i bassenget. Utpaa kvelden drog Sakay oss ut paa middag paa gata. Og naar eg seier gata, saa meiner eg gata. Vi satt paa eit teppe paa fortauet med eit lite bord. Fraa bakerst i eit telt blei det kokt ris og frakta ut kylling. Garantert ikkje noko for mattilsynet i Noreg.. Herleg oppleving og god mat. I dag har vi bussa rundt. Foerst dro vi til hindutempelet Prambanan. Dette ser veldig ut som eit lite Angkor Wat. Utruleg forseggjorte utskjeringar i stein og flott skue. Eitt av templa er i ferd med aa bli restaurert, saa det har eit gjerde som sperring rundt. Sakay sa at dersom vi ville kunne vi godt hoppe over gjerdet og snakka med dei som dreiv og restaurerte. Dette tilbudet takka vi sjoelvsagt ja til, og foer vi viste ordet av det klatra vi i bambusstillasjer og fekk sjaa steinhoggarar og tempelrestauratoerer i full sving. Good times. Saa var det berre aa hoppe ombord i bussen igjen og turen gjekk mot dagens, og kanskje eitt av turens hoegdepunkt: Borobodur. Vi stoppa kjapt for mat paa ein typisk indonesisk matplass. Du faar ein tallerken med ris og dei har ulike ting staaande som ein slags buffet og du fyller sjoelv paa det du vil ha. Jo meir kjoett, jo dyrare. I tradisjonell indonesisk stil blei maaltidet fortaert utan bestikk, men med haanda (Aldri et mat med venstre haand her, den er reservert for.. Ja, du gjettar det sikkert). Vel framme i Borobodur, verdas stoerste buddhisttempel og eitt av verdas menneskeskapte underverk var det berre aa klatre til toppen (som representerte Nirvana). Nok eit flott tempel og eit artig skue. Velgjort haandverk i fantastiske omgjevnader. Halvegs oppe byrja det sjoelvsagt aa regne. Men i motsettning til kva ein skulle tru var dette ein positiv ting, for vi hadde ganske snart heile plassen for oss sjoelv, saa da regnet letta var det mange gode fotomoglegheiter, trur det blei eitt og hitt bra bildet 🙂 Med fravaer av regn kom sjoelvsagt dei lokale turistane tilbake. Desse syns at vi hoege, lyse folk var utruleg festlege, og foer vi visste ordet av det var det “Hello Sir!” og “Picture sir?” over heile fjoela. Mitt blide andlete har med andre ord funne vegen inn i fleirfoldige indonesiske familiealbum. Det var eignetlig litt festleg, men eg veit ikkje heilt om dei syns vi var noko rare ting som vandra rundt, eller kva dei syns om oss. Det var i det heile tatt mykje fliring kvar gong vi skulle fotograferas (gjerne med ein og ein av kvar familiemedlem og i ulike konstellasjonar). Mine tafatte forsoek paa “Terima kasih” og “sama-sama” blei moett med enda meir fliring. Uant av kva grunn. Litt artig, og litt slitsamt aa vera kjendis for ein dag. Med ein million i lomma (jaja, det er rupee), og paparatsiar paa slep. No er vi vel tilbake i Yogyakarta, den lokale moskeen kallar nok ein gong inn til kveldsboenn, og vi skal snart ut og eta middag. I morgon gaar bussen kl 06:30 i retning Mount Bromo, og ein busstur paa minst 12 timar. Etter ein liten cowboystrekk i eit hotell pKl. 03:30 i overmorgon er det tid for aa staa opp og vandre i retning Mount Bromo. Vel framme er det berre aa setja seg ned med kamera og vente paa det som veldig mange meiner er verdens vakraste soloppgang. Behoever eg aa seia at eg gledar meg?
Etter ein vakker soloppgang sett vi snuta mot ein kaffeplantasje der vi skal kikke litt rundt foer vi overnattar vaar siste natt her paa Java. Saa neste gong eg er i “internettland” befinn eg meg altsaa paa Bali.
Roggesangen: Camera Obscura – Honey In The Sun (Verdas beste sommersang. Kors paa halsen og ti fingre i taket).