Ting eg har lært på tur

Eit par småting eg har lært på tur:

  • Velg dine flipp-flopp med omhu. Dei blir snart dine beste venner.
  • Rambutan er godt.
  • Det er kjipt å heite Jørn når alle snakkar engelsk, men det er verre å heite Simen.
  • Same kor lite du pakkar med deg er det alltid for mykje.
  • Dersom du prøvar å går frå den du prutar med halverast fort prisen.
  • Dersom dei lokale er for hyggeleg vil dei selja deg noko.
  • Det er lett å bli forelska i Indonesia.
  • Ikkje gå på fortauet, gå i gata.
  • Asia er fullt av vestlege folk som gjer deg flau over å koma frå vesten.
  • YOLO.
  • Heimebrent blir ikkje betre av at ein selg det over disk og kallar det arak.
  • Det er større sjans for å bli dårleg i magen om du et pizza med bacon enn om du et kylling frå ein gateseljar.
  • På Bali er dei blide og glade når dei bær sine døde til kremering.
  • Teite armband og blinkande digitalklokker vil til slutt finne vegen til din arm også.
  • Det finnst alltid ein Chinatown.
  • Det finnst også alltid eit Little India.
  • Sarong er eit behageleg klesplagg som kan brukast til det meste.
  • Tigerbalsam løyser alle dine problem.
  • Rambutan er godt.

Vømmøl Spellmannslag – Vandre I Ring

The end is the beginning is the end

Internetkafe, Sanur, 18.07.2010, kl. 11:30 lokal tid. Ein svart kopp med kaffe ved sia av meg. Fjesa eg har sett kvar dag den siste maaneden forsvant ut hotelldoera i gaarkveld. Turen er no over, alt som gjenstaar er aa skrive ferdig postkort og handle eit par tacky souvernirar. Bak meg ligg 4 land, 16 byar, 17 hotell, over 400 mil langs bakken, ein kjapp flytur,  eit tredvetalls nye bekjente, utallige gode minner, nokre mindre bra minner, to soloppgangar fraa toppen av ein vulkan, ein soloppgang ute paa havet og ein relativt begivenheitsrik sommar. Nokre skader: eit par myggstikk, nokre gnagsaar, ein stk. maaneforbrenning. Relativt faa tap: Ein caps fraa H&M er vel einaste eg har mista. Ny ervervelsar: ein sarong, ein panamahatt, ei fake casioklokke, nokre armband, vennskap og eit par t-skjorter.

Over til dei siste dagars rogg: Balinesisk ilddans er gode saker. Eit kor av menn som syng ein polyrytmisk chak-chak rytme sett scena rundt ein svaer lysestake. Dei dansar litt, eit par flotte kvinnelege dansarar kjem inn og dansar stilig som dei berre kan her paa Bali. Ei foraedersk dansarinne med pil og bue kjem inn og tek opp jakta. Saa gaar det slag i slag med ein dansande og syngande apekonge, prins Rama og litt fram og tilbake foer prins Rama faar befridd damene fraa apekongen. Avsluttningsvis fyrar dei opp ein sekk med koksnoettskall. Ein fyr i hestekostyme kjem inn og dansar rundt i “transe” mens han trampar paa gloedande koksnoettskall. Flott maate aa tilbringe ein kveld paa.

Morgonen etter gjekk turen til Lovina. Paa vegen hadde vi ein stopp ved the Royal temple, samt antagelegvis det mest kjente tempelet paa Bali (Pura Ulun Danau). Ettermiddagen i Lovian var late greier, eg tok meg ein rask tur langs stranda og blei overfalt av eit lass med folk som ville selja meg alt mogleg rart. Dagen etter blei brukt til snorkletur. Vi tok baaten ut til ei lita oey i selskap med ein alt for overlegen, halvfeit kanadisk dykkeleiar paa ca. 50 med ei lokal jente paa slep. Snorklinga var heilt utruleg og kanskje den beste eg har hatt (ikkje at det seier stort sidan eg ikkje har snorkla all verda). Slitne og troeytte barst det tilbake til Lovina og heimelaga balinesisk festmiddag. Ei lokal dame laga flott middag til oss heime hjaa seg sjoelv for ein veldig billig penge. Det var verdt kvar ei krone for aa si det slik. Blir mett berre av aa tenkje paa det. Kvelden blei tilbrakt som saa ofte foer i selskap med min eminente guinnesskortstokk (som foroverig faretruande fort naermar seg pensjonsalder) og president and donkey og kings in the corner. Eg har ogsaa laert engelskmennene amerikaner, eit kortspel dei falt for umiddelbart.

Morgonen etter var det berre aa staa opp klokka seks om morgonen og tusle ned til stranda. Lovian er hovudsakleg kjent for ein ting: delfinar. Saa vi hoppa ombord ein lokal fiskarbaat og toeffa ut paa havet. Med soloppgangen kom delfinane og hoppa rundt omkring oss. Eg veit ikkje heilt kva eg syns om denne delfinsafarien; eit hundretalls lokale fiskarbaatar som meir eller mindre jaktar paa delfinane, eller i det minste ein plass saa naer dei som mogleg. Saa der satt vi med ein kopp te og toeffa rundt og jakta paa delfinar i ein lokal fiskarbaat. Med faerre andre baatar ville det virkeleg ha vore knall. Etter ein kjapp dusj, frokost og utsjekk kom ein lokal mann og plukka meg opp paa motorsykkelen sin. Det var klart for kokkekurs. Han tok meg ei runde paa marknaden foer han kjoeyrde meg heim til seg sjoelv. Der kokka vi lunsj til meg og familien hans i eit lite kjoekken som aldri i verden hadde passert ein einaste hygienesjekk. Knusing av krydder paa ei steinhelle og wokking av kylling og groennsaker, foer eg fekk smaka paa min  eigen mat. Artig aa faa eit lite innblikk i korleis folk lever her ogsaa. Den lokale kokkelaeraren tok meg tilbake til hotellet, og eg reknar med at resten av familien gomla ned restane av lunsjen eg hadde betalt for aa laga. Viktig aa stoette dei lokale folka 🙂

Etterpaa var det berre aa finna bussetet sitt igjen. Denne gangen gjekk turen til fjella og byen Kintimani. Vi var vel eigentleg der hovudsakleg av ein grunn, nemleg soloppgangen fraa Mount Batur. Kintimani er ein liten, soet fjellandsby, og eg maa sei eg vurderar sterkt aa kjoepe meg ein tomatfarm og flytta dit.  Ei runde med amerikaner og eg tok tidleg kveld, for neste morgon starta alt kvart paa fire. Nok ein gong utstyrt med hovudlykt og varme klede var det berre aa begi seg opp sida paa ein aktiv vulkan (dette er foresten vulkanen ein svenske datt ned i denne vaaren). Paa toppen venta fleirfoldige andre turistar, men guiden vaar passerte dei glatt og vi fant ei lita stille hytte for oss sjoelv litt lengre bort. Her satt vi aa stirra ut i taakehavet og venta paa soloppgangen mens vi lurte paa om vi hadde kjoept katta i sekken. Men med soloppgangen forsvant ogsaa skodda, og eit fantastisk skue moette oss. Anbefales. I tillegg fekk vi litt anektdoter fraa livet i eitt av verdas mest korrupte land av turguiden vaar. Han har fem aars universitetsutdanning, men jobbar som tomatbonde og turguide fordi han ikkje har raad til aa kjoepe seg ein laerarjobb. For aa faa ein laerarjobb her maa du nemleg punge ut med minst 16 millionar rupee (noko som er ekstremt mykje for dei lokale). Han hadde ogsaa stor bekymring for utdanningssystemet i Indonesia, sidan dei som har raad til aa kjoepe seg ein laerarjobb ikkje noedvendigvis er spesielt eigna til aa undervise. Hovudsakleg kom dei vistnok seint paa jobb, las avisa og var utro i lag med andre laerarar  arbeidstida, mens skuleborna ikkje fekk den undervisninga dei treng. Saa ting tyder paa at Indonesia er i ferd med aa faa ein langt laagare standard paa utdanninga si enn foer. Etter soloppgang og nedstigning bada vi litt i eit fantastisk anlegg med varme kjelder, foer turen gjekk tilbake til utgangspunktet: Sanur.

Paa vegen stoppa vi paa ein heim for folk med ulike utviklingshemmingar, det vera seg psykiske eller fysiske. Bali er ekstremt hinduistiske, og alle former for utviklingshemming er rekna for aa vera daarleg karma eller svart magi, saa desse folka blir ofte stoeytt ut av samfunnet. Paa denne heimen arbeider dei for aa laere dei noko (haandarbeid, dans, data, arbeid), og for aa integrere dei tilbake i samfunnet. Nokre har blitt sjoeforar, andre har blitt vaskeriarbeidarar, og mange av dei lagar utruleg flott kunst. I tillegg fekk vi sjaa ein rullestolversjon av lokal dans, og eit trommeshow. Underteikna fekk ei tromme stukke i haanda og blei noko motvillig dytta opp paa scena for aa spela med dei. Med litt bakgrunn fraa capoeiratromming trur eg at eg gjorde det relativt bra. Det var uansett ei artig oppleving. Foer eg viste ordet av det var eg tilbake her i Sanur. Den delen av reisefylgjet eg har blitt best kjent med forsvant til Kuta i gaarkveld. Litt vemodig var det nok, men det er ikkje lengre enn til London for aa besoeke dei.

Naa er det paa tide aa faa skreve dei siste postkorta (Det endar alltid opp med siste dagen..) mens eg tuslar rundt her i einsemd og ventar paa flyet heim i morgon. Det skal eigentleg bli godt aa koma heim no. For dei som vil er eg antageleg aa finna paa ni muser onsdagskvelden (aa dra i morgon kveld er vel litt overambisioest). Saa inntil vidare: Onkel reisende Mac er paa tur heim, etter eit par timar ved basseng/strandkanten og ein siste Bintang.

Roggesangen: Bright Eyes – I Must Belong Somewhere

Reisefeber

Paa turens tregaste internett sitt eg no litt slapp og sliten og tastar inn ein ny rogg. To dagar sidan laag eg i baksetet paa ein minivan paa tur over Java med minst 40 i feber, men la oss ta det i tur og orden fraa der eg  sist slapp.

Etter at vi var ferdige med Yogyakarta var det klart for turens verste bussdag. Vi satte oss i bussen 06:30 om morgonen og 13 timar seinare var vi framme ved hotellet vaart som laag paa kraterkanten av det yttre krateret til Mount Bromo. Kjapp middag, avsynging av bursdagssangen til ei som hadde bursdag, ei kjapp runde yatzy og vi tusla til sengs alle mann. Neste dag starta allereie 03:30 om morgonen, og 04:00 satt vi i ein jeep paa tur mot sletta som foerer mot Mount Bromo. Litt over ein times gange og vi stod paa den indre kraterkanten av den aktive vulkanen Bromo, og venta paa soloppgangen. Dette gaar for aa vera ein av verdas vakkraste soloppgangar, og det er eg ikkje ueinig i. Det er haaplaust aa beskrive, og eg trur ikkje eingong bileta mine gjev det rettferdighet. Saa alt eg kan sei er: ta turen sjoelv 🙂

Etter ein kjapp frokost paa hotellet barst det rett til bussen. Ny 8 timers tur tok oss til Kinabula. Kanskje det flottaste hotellet vi bodde i paa Java, med pool og gode greier. Litt basseng, litt fotball, litt middag og sjoelvsagt ei ny runde yatzy og senga kalla nok ein gong. Vekkerklokka ringte kl 05:45 og vi tok ein rundtur paa ein kaffeplantasje med ein lokal guide. Han tok oss ogsaa paa rundtur i ein lokal fattig landsby, og ga oss saape og godteri (!) aa dele ut. Det foeles veldig feil aa vera ein slags “rik gud” som stroer sine offergaver til dei lokale. Misforstaa meg rett altsaa, eg syns vi skal gi alt vi kan til dei som har mindre enn oss, men da kanskje heller i form av meir nyttige ting og paa ein maate som ikkje oppfordrar til tigging. Sakay ville alt neste tur proeve aa kjoepe nyttige ting som skolesaker o.l. og gi ti ein sentral person i landsbyen, noko som virkar som ein mykje betre loeysing. Etter ein ny kjapp frokost barst det rett i bussen igjen. Ny lang dag stod for tur, ein dag som skulle bli lengre enn eg trudde. Ganske snart etter avreise kunne du koke egg paa panna mi. Frysningar og leddsmerter fekk eg ogsaa. Vi stod ei stund i koe for eit bilkrasj, tok ferga til Bali, aat lunsj i det verste rgnskyllet eg har sett, og lynet slo ned berre nokre hundre meter unna oss. Vel framme i Sanur tok dei andre og aat farvellmiddag og saag VM-finalen. Eg laag i koma paa hotellrommet. Tidleg dagen etter tok vi bussen i retning Ubud, med eit kort stopp ved eit utruleg vakkert tempel paa ein stein ute i havet. Ubud er vistnok Balis kreative og kulturelle hovudstad. Noko som ikkje seier reint lite her paa Gudens oey som er viden kjent for sin rike kultur. Fantastisk middag i gaar, men kvalm som eg var var gjekk det traatt. Natta blei avbrutt av flittige toalettbesoek, nuff said..

I dag starta eg dagen med eit lite introkurs i Gamelanspilling. Den lokale versjonen av xylofon. Ein tur innom apeskogen, og de doedes tempel foer eg avslutta med ei runde paa markedet. Pruting er fortsatt goey, og eg er no innehaver av ein sarong, t-skjorte med Ganesh og ei fake Casioklokke. Formen er stigande, og eg maa nesten loepe og hente klesvasken min. Etterpaa skal vi iveg aa sjaa balinesisk ilddans. I morgon gaar turen til Lovina. Snorkling og kokkekurs er foreloepig plan. Saa faar vi sjaa kva det blir til.

Roggelaata: Modest Mouse – The Good Times Are Killing Me

Kjendis for ein dag

Kjapp oppdatering foer eg drar ut i det internettloese land igjen. Dette er siste dag i Yogyakarta. Dagen i gaar hadde ein litt kjip start da magen min tydelegvis ikkje trivdes spesielt godt her i Indonesia. Heldigvis var det nok med ein immodium for aa stoppe det. Sakay ga meg deretter ei av sine “magic pills”, som vistnok var eitt eller anna som tok knekken paa slemme bakterier. Funka gull! Dagen i gaar var ellers ein ganske lat dag. Vi var ein snartur i Vannpalasset, eit palass som hovudsakleg var bygd for at Sultanen kunne kose seg med sin konkubiner. Vi var ogsaa ein snartur innom den tilhoeyrande underjordiske moskeen. Flotte greier. Deretter tusla vi rundt ei lita runde paa fuglemarkedet. Som det kanskje ligg i navnet, saa er dette ein plass der dei selg fuglar, samt alle andre slag dyr.Vi vandra deretter vidare til hovudgata og titta litt paa livet og aat litt mat foer vi for tilbake til hotellet og kosa oss litt i bassenget. Utpaa kvelden drog Sakay oss ut paa middag paa gata. Og naar eg seier gata, saa meiner eg gata. Vi satt paa eit teppe paa fortauet med eit lite bord. Fraa bakerst i eit telt blei det kokt ris og frakta ut kylling. Garantert ikkje noko for mattilsynet i Noreg.. Herleg oppleving og god mat. I dag har vi bussa rundt. Foerst dro vi til hindutempelet Prambanan. Dette ser veldig ut som eit lite Angkor Wat. Utruleg forseggjorte utskjeringar i stein og flott skue. Eitt av templa er i ferd med aa bli restaurert, saa det har eit gjerde som sperring rundt. Sakay sa at dersom vi ville kunne vi godt hoppe over gjerdet og snakka med dei som dreiv og restaurerte. Dette tilbudet takka vi sjoelvsagt ja til, og foer vi viste ordet av det klatra vi i bambusstillasjer og fekk sjaa steinhoggarar og tempelrestauratoerer i full sving. Good times. Saa var det berre aa hoppe ombord i bussen igjen og turen gjekk mot dagens, og kanskje eitt av turens hoegdepunkt: Borobodur. Vi stoppa kjapt for mat paa ein typisk indonesisk matplass. Du faar ein tallerken med ris og dei har ulike ting staaande som ein slags buffet og du fyller sjoelv paa det du vil ha. Jo meir kjoett, jo dyrare. I tradisjonell indonesisk stil blei maaltidet fortaert utan bestikk, men med haanda (Aldri et mat med venstre haand her, den er reservert for.. Ja, du gjettar det sikkert). Vel framme i Borobodur, verdas stoerste buddhisttempel og eitt av verdas menneskeskapte underverk var det berre aa klatre til toppen (som representerte Nirvana). Nok eit flott tempel og eit artig skue. Velgjort haandverk i fantastiske omgjevnader. Halvegs oppe byrja det sjoelvsagt aa regne. Men i motsettning til kva ein skulle tru var dette ein positiv ting, for vi hadde ganske snart heile plassen for oss sjoelv, saa da regnet letta var det mange gode fotomoglegheiter, trur det blei eitt og hitt bra bildet 🙂 Med fravaer av regn kom sjoelvsagt dei lokale turistane tilbake. Desse syns at vi hoege, lyse folk var utruleg festlege, og foer vi visste ordet av det var det “Hello Sir!” og “Picture sir?” over heile fjoela. Mitt blide andlete har med andre ord funne vegen inn i fleirfoldige indonesiske familiealbum. Det var eignetlig litt festleg, men eg veit ikkje heilt om dei syns vi var noko rare ting som vandra rundt, eller kva dei syns om oss. Det var i det heile tatt mykje fliring kvar gong vi skulle fotograferas (gjerne med ein og ein av kvar familiemedlem og i ulike konstellasjonar). Mine tafatte forsoek paa “Terima kasih” og “sama-sama” blei moett med enda meir fliring. Uant av kva grunn. Litt artig, og litt slitsamt aa vera kjendis for ein dag. Med ein million i lomma (jaja, det er rupee), og paparatsiar paa slep. No er vi vel tilbake i Yogyakarta, den lokale moskeen kallar nok ein gong inn til kveldsboenn, og vi skal snart ut og eta middag. I morgon gaar bussen kl 06:30 i retning Mount Bromo, og ein busstur paa minst 12 timar. Etter ein liten cowboystrekk i eit hotell pKl. 03:30 i overmorgon er det tid for aa staa opp og vandre i retning Mount Bromo. Vel framme er det berre aa setja seg ned med kamera og vente paa det som veldig mange meiner er verdens vakraste soloppgang. Behoever eg aa seia at eg gledar meg?

Etter ein vakker soloppgang sett vi snuta mot ein kaffeplantasje der vi skal kikke litt rundt foer vi overnattar vaar siste natt her paa Java. Saa neste gong eg er i “internettland” befinn eg meg altsaa paa Bali.

Roggesangen:  Camera Obscura – Honey In The Sun (Verdas beste sommersang. Kors paa halsen og ti fingre i taket).

Entropi

Entropi er en ekstensiv tilstandsvariabel innen termodynamikken. Entropi er et mål på graden av uorden i et termodynamisk system. Økende entropi betyr økende uorden, hvilket innebærer at mengden energi som er av en slik form at den kan utnyttes til nyttig arbeid, minker.

– Wikipedia

Eg var kanskje litt uinspirert i mitt forrige innlegg om Singapore. Etter at innlegget var ferdig gikk eg, tyskeren og Pong til ein lokal matsjappe og aat kjempegod mat. Etterpaa vandra vi rundt i havneomraadet rundt elva, og Singapore skyline by night er virkeleg vidunderleg. Vi endte opp med aa sjaa Tyskland gruse Argentina paa ein utekafe, med tilhoeyrande Tigeroel (Like making love in a canoe..). Etterpaa vandra vi tilbake til hotellet og saved babies med gjengen for siste gong. Etter litt babyredding paa hotellet vandra vi ut i Singaporenatta. Vi blei kasta ut av ein kunstinstallasjon av ein mann som tydelegvis hadde som jobb aa passe paa den om natta (Den var heilt klart meint for aa tukle med paa dagtid). Dette blei eigentleg berre ei vandringsrunde foer vi gikk tilbake til hotellet for aa sove. Sentimentalt farvel med dei fleste.

Grytidleg dagen etter forlot eg, to jenter og Pong hotellet for aa naa flyet til Jakarta (Pong tilbake til Bangkok). Etter nok eit sentimentalt farvel med Pong sat vi paa flyet til Jakarta. Flyturen gikk greit, og vi landa i Jakarta litt forsinka. Allereie her starta entropileksjonen. Fra strukturerte Pong og enda meir strukturerte Singapore sat vi plutseleg paa ei kaotisk lufthavn i Jakarta. Den einaste informasjonen vi eigentleg hadde var navnet paa vaar neste turguide og at han skulle moete oss paa flyplassen. Da vi kom ut var han sjoelvsagt ikkje aa sjaa. Etter ei stunds vandring rundt paa flyplassen satte vi oss ned og bestemte oss for aa ringe til hovudkontoret til GAP Adventures i Bangkok (Og ja, neste telefonrekning blir antageleg grusom). Der fekk vi vite at guiden vaar var forsinka, saa vi fekk berre ta ei drosje til hotellet. Dama ga oss adressen til hotellet, saa det gjekk veldig greit. Farvel trygg trafikk i Singapore, velkommen gal asiatisk trafikk i Jakarta. Mopedane sverma rundt oss som vanleg (fylt til randen med familie, husdyr og alt anna dei skulle tenke paa aa fylle den med). Vel framme paa hotellet traff vi paa vaar nye turguide Satay. Han var opprinneleg fraa Australia, men bor no i Kambodsja. Han hadde vore paa flyplassen, og sa at kontordama i Bangkok var ei roeredame.. Jippi!

Ingen av oss foelte noko saerleg for aa utforske Jakarta, som eigentleg virka som ein betongklump som hadde esa ut over ei slette. Vaar nye turguide har totalt motsatt guidestil til Pong. Han ser ut som ein som har backpacka aaalt for lenge. Barbert hovud, tre dreadlocks fraa nakken, og kledd i tacky t-skjorter (Super Mario 3 med glitter) og utvaska slaskete asiatiske bukser. Han starta ut med aa gi oss foelgande tips: “The best way to not get a bad stomack is to pick your own nose and eat it”, deretter fortsatte han eigentleg i samme spor med aa si at ikkje foelg alle raada: Et daarleg is, et salat.. Hovudsakleg var mottoet: faa i deg smaa doser av den lokale bakteriefloran og du vil vera ok.

Dagen etter var det klart for grytidleg tog til Bandung. Dette er kanskje ein av dei flottaste togturane eg nokonsinne har hatt. Det er veldig lite som slaar aa sittja i doeropninga paa eit tog og dingle med foetene mens rismarker dovent passerar. Ubeskriveleg! Diverre er netttilkoblingane her i omraadet saapass daarlege at eg ikkje faar lasta opp noko bilder for aa visa kor utruleg flott det var. Vel framme i Bandung fant vi vel eigentleg ut at det var nok ein by som kjem til aa synke ned i gloeymselens innsjoe saman med Jakarta. Det mest kjente i Bandung er “Jeans Street”: ei gate der dei sel, ja du kan kanskje gjette det, jeans og klede. Etter aa ha hengt rundt paa eit lass med Chinatown marked i Asia byrjar falske og/eller tacky t-skjorter og solbriller aa bli ganske kjedeleg. Saa vi tok ein minibuss ut til ei varm kilde. Dette var ein heilt ok maate aa avslutte dagen paa. Og berre saa det er sagt: Om du nokon gong har lyst til aa vita kordan det foelest aa vera superstjerne er det berre aa vera bleik, blond og hoeg og dra til Java. Her blir du bedt om baade fotografi og autograf, og stirring er ikkje uvanleg. Kvelden blei avslutta med eit slag yatzy paa hotelltrappa saman med ein gjeng nederlandske jenter, to nordmenn og to britar. Til personalets noko lattermilde underholdning.

I dag var vi ogsaa oppe grytidlig og nok ein fantastisk togtur paa fleire timar gjennom fantastiske rismarker var paa trappa. Togpersonalet syns jo at turistane som insisterte paa aa sitja i togdoera mellom kupeane var hysterisk morro. Paa stasjonane vi passerte var det behoerig med smaaungar som villig underhold oss, stirra eller vinka beskjedent fraa armkroken til ei mamma som syns dei burde helse paa oss rare bleike menneske. Etter 8 timar paa tog var vi endeleg framme her i Yogyakarta. Dette er einaste plassen paa Java vi vil ha tilgang paa internett, og vi vil vera her tre netter. Saa langt har eg bada i bassenget, vore ute og drukke verdens dyraste kaffe (Kaffeboennene blir eta av ei rotte, folk plukkar deretter opp dritten etter rotta og brygger kaffe paa desse boennene..). Det var veldig god kaffe, og den hadde bortimot ingen bitter ettersmak, men om den var verd 100.000 rupi er jo ein anna sak.. Snart skal vi ut og eta paa ein restaurant som vistnok skal vera kjempegod, deretter ventar natterangling med fotball-VM (Dei nederlandske jentene innsisterar). Kampen startar her 01:30 lokal tid..

I morgon skal vi proeve aa surfe litt rundt i “Javas kunstneriske hovudstad”. Vannpalasset er eigentleg det einaste som er eit must foreloepig. Saa faar vi sjoe kva anna dagen bringer. I overmorgon er det tid for eitt av turens hoegdepunkt: Borobodur (Javas og buddhismens svar paa Ankor Wat) og eit svaert hindutempel eg ikkje heilt hugsar navnet paa. Dersom forholda ligg til rette for det skal vi ogsaa stoppe og sjaa paa det som vistnok er det beste utsiktspunktet til ein levande vulkan i heile verda. Rock on! Blir nok fort ein liten bloggpost fraa det, om eg faar tid.

Deretter legg vi i veg mot det som kanskje skal bli turens hoegdepunkt: Soloppgang over Mount Bromo. Dette er ogsaa internettlaus sone saa det er tvilsomt om det blir blogga foer eg kjem meg til Bali.

Avslutningsvis eit par reisetips:

#53: Om du skal inn i Singapore sjekk at forrige stempel er ok.

#54: Spis busemenn saa blir du aldri daarlig i magen.

#55: Tigerbalsam loeyser alle dine problem, inkludert myggstikk, migrene, saar hals og vonde ledd.

Dagens roggesang: The Flaming Lips – All We Have Is Now

Annerledeslandet

Saa var vi ferdige med sjoerovarbyen Melaka. Eigentleg ikkje stort aa sei om det. Soevnig liten havneby med flott arkitektur, nok ein Chinatown og nok eit Little India. Mykje god mat sjoelvsagt, og eit lass med rickshaws. Desse rickshawane er pynta i alle slags fargar og pynt med blomster. Serioes “pimp my ride” faktor. Ellers var eg og tyskeren ute paa cafe og saag fotball. Dette var ein selsamd opplevelse sidan vi var 2 europearar som heia pa Nederland og eit lass med kinesarar som heia paa Brasil, i eit rom som ligna meir ein bingosal enn ein kafe…

I dag kjoeyrde vi til Singapore, ca 6 timar med buss. Dei fleste av oss kom oss greit gjennom men ei av jentene blei staande att i grensekontrolle fordi stempelet ut av Malaysia ikkje var tydeleg nok.. Saere Singaporer.. Dette er virkeleg annerledeslandet der dei unge ikkje smugroeyker men smugtygg tyggegummi. Ellers ikkje stort aa sei om dette anna enn at det er skikkeleg deilig aa kunne bu i ein by som ikkje stinkar drit, har rette, fine gater og er utrueleg ryddig og elegant. Har sett Little India og Chinatown (IGJEN!). Har vandra litt omkring i dag, og snart skal vi ut og sjaa fotball og eta ein betre middag.

I morgon er det farvel med dei fleste av turkompisane saa det blir spennande aa sjaa kven dei nye er, og korleis dei ter seg. Ekstra spennande blir det aa sjaa kven eg blir buande paa rom med. Tidleg i morgon gaar flyturen til Jakarta og Java. No har eg vore saa lenge paa tur at eg byrjar aa gloeyme at eg har eit liv heime, slik omtrent. Eg har foreloepig kome saa langt at eg savnar saa mykje av det, eller lengtar heim. Berre litt sentimental over eitt og hitt.

Dagens Pongsitat: “What?! They blocked the road for us, let’s kill em’ and eat em'”

Roggelaat: The Cure – Pictures Of You

Oh my lord Buddha

“Oh my lord Buddha” som Pong sier i tide og utide, det er slitsamt aa vera paa ferie. Mykje farting, nye stader, inntrykk og ting aa faa med seg over alt. Og det stoppar liksom aldri. Lurar paa korleis hovudet mitt er etter 3 veker til.. Jaja, kan ikkje klaga, flott vaer, flotte inntrykk og hyggeleg selskap. Rapport foelger:

Ein lykkeleg tysker, 13 deppa britar og eg forlot Penang og satte nasen mot Cameron Highlands. Farvel varme klamme dagar, velkommen norsk sommar (ca 20 grader). Dette er det malaysiske hoegfjellet og populaert feriested for dei fastboande i laagare stroek, fordi det er saa behageleg temperatur og samtidig gir gode turmoglegheiter. Vel framme og innlosjert hjaa ein noko grinete inder tok pong oss paa tur rundt i landsbyen vi bodde i. Hindutempel, jordbaerfarm og leikepark var vel eigentleg det som var aa sjaa. I tillegg fekk vi spelt ei runde basketball og ei runde fotball mot lokale ungdommar paa bana der. Turistane vant sjoelvsagt begge kampane, meir paa grunn av fysikk enn teknikk kan ein seia. Om kvelden tok Pong oss med til ein kinesisk restaurant som serverte “steamboat”. Dette er i hovudsak ein suppekjel som blir plassert paa bordet (eitt ukryddra kammer og eit med tom yam suppe), og diverse mat blir satt ut paa bordet rundt (kjoett, fisk, groensaker, reker, blekksprut, manet) ogsaa berre hiv ein oppi gryta det ein har lyst til aa eta. Veldig godt, og eg kan no krysse av manet paa lista over ting eg har ete..

Dagen etter var det klart for “adventure tour”; ein land rover tok oss ut paa tur. Foerste stopp: jungelen og tur ut for aa sjaa verdens stoerste blomster (Rafflesia). “Bilvegen” ut dit var relativt daarleg, meir eller mindre ei renne full av gjoerme kan ein vel seia. Artig tur! Etter mellom 1- 2 timar gange var vi framme ved blomsteren. Den var svaer og lukta raattent kjoett. Den overentusiastiske amerikanske backpackaren vi hadde med oss stod for hoegding av stunda i form av “Awsome!” og “That is the coolest thing I have ever seen!” osv. Etter aa ha gaatt dei 2 timane tilbake gjorde vi ein liten stopp i ein landsby av lokale. Dei synte oss korleis vi skulle skyte med blaaseroeyr, og vi fekk alle proeve paa tur. Vi fekk ogsaa gaa ei lita runde i landsbyen av tradisjonelle bambushus. Litt ekkelt aa gaa rundt aa stirre paa fattigfolk paa den maaten.Litt som aa titte paa menneske i ein dyrehage.. Etterpaa barst det strake vegen til ei teplantasje, og sjoelvsagt lunsj og tepause medan vi stirra ut over temarkene, avbrutt av sporadiske “awsome” fraa amerikaneren. Ei lita runde i ein sommerfuglhage som hadde sett sine betre dagar, og vi var tilbake til hotellet i tide for middag.

Morgonen etter var det aa setja seg paa bussen til Kuala Lumpur (KL). Rimeleg hoeg standard paa bussen, svaere sete som var herlege aa sova i. Vel framme i KL var vi ei runde i Time Square; eit grusomt stort kjoepesenter paa 10 etasjer. Dette kjoepesenteret er saa svaert at det har eiga berg og dalbane som faer rundt mellom femte og tiende etasje. Det du ikkje faar tak i her er rett og slett ikkje verd aa faa tak i. Etter ei rask runde i eit anna kjoepesenter bestaaande av fem etasjer med elektronikk, data og gadgets barst det rett til KL tower; verdas fjerde hoegaste taarn. Flott utsikt over KL, om enn litt skoddete. Middagen blei fortaert i Chinatown, foer vi farta litt rundt paa kveldsmarkedet og kjoepete ymse (To par ray-ban briller for 100 kr, og ei Diesel t-skjorte for 50,- Garantert ekte snytkjoep!). Eg har i alle fall blitt litt betre til aa prute, ein sport vi utoever alt for sjeldan i Noreg.

I dag starta vi dagen med aa spasere paa Petronas tower Skybridge (inkludert den obligatoriske haandstaanade paa kjente plasser). Mindre imponerande utsikt enn fraa KL tower, men “been there, done that”. Kul plass aa ha paa lista. Etter dette tok eg og tyskeren bussen ut til Bathu Caves. Gigantiske holer i kalksteinsklipper. Denne hola er eit hindisk helligstad og var sjoelvsagt behoerig fylt til randen av tempel (og eit lass med innpaaslitne aper..). Ogsaa ikkje forgloyme ei gigantisk Shiva-statue, og ei svaer, lang og bratt trapp opp til huleaapninga. Dei arrangerar vistnok ein festival her i maanadskiftet januar/februar av typen krokar i huden og dra ting oppover dei 290 trappestega. Fekk desverre ikkje med oss det. No sit dei fleste av oss utslitt paa hotellet og ventar paa middag. Forhaapentlegvis faar eg ogsaa proevd aa spise durian seinar i kveld. I morgon tidleg gaar vegen vidare til sjoeroevarbyen Melaka.

Dagens Pong-sitat: “You want the local food or the bloody local food?” (Som i kor autentisk ville vi ha maten vaar).

Dagens roggesang: The Mountain Goats – This Year