I går brukte vi heile dagen på å kjøyre frå Krabi til Penang. Ei øy på vestkysten av Malaysia. Etter fleire timar i minivan (og utallige mopedar med ymse overlast seinare) var vi endeleg ved grensa. Og for ein husomgur med pass frå steinalderen, og rare bokstavar i navnet tok sjølvsagt passkontrollen ut av Thailand sin tid. På andre sida av passkontrollen var sjølvsagt resten av gruppa borte. Så der stod eg da i Ingenmannsland og alle eg spurte gav forskjellige svar. Så eg stilte meg opp og såg dum ut til gruppeledaren vår kom og plukka meg opp. Nokre minutt seinare var thai bytta med malay, bath med ringgit, Chang med Tiger, og Buddha hovudsakleg med Allah.
Etter å ha kryssa verdas lengste bru (13 km) var vi endeleg framme i Georgetown, Penang (Dagens britiske gullkorn etter 15 timar i Penang; “are we on an island now?” Gårsdagens britiske jubelrop; “Look they got western cuisine here!”).
Dagen i dag har i all hovudsak vore tilbragt i tempel. Noko av det kulaste var da eg og min tyske romkompis vandra inn i eit buddistempel meir eller mindre fylt med røykelse og kinesere (ja, det er både ein Chinatown og little India her, samt eit hollands kvartal.. Multikulturelt seier du? Alle lev til og med i fred og fordrageligheit). Etter ein flott matstallunsj til 15 -20 NOK barst det i veg til sør-østasias største buddisttempel (Kek Lok Si), med ei statue av “The Godess of Mercy” på mellom 35 – 40 meter. Ubeskriveleg.
Dagen blei avslutta med jeeptur opp Penang hill. Sjølvsagt var det skodde så vi fekk ikkje sett ein dritt. Det var dog eit hindutempel på toppen, der dei også bad og sang og dingla og dangla som berre hinduar kan.
På tur ned lot vår overentusiastiske sjåfør oss mate ville aper (ja ja eg veit det er fy fy, dei kan bite osv.. Men sjåføren sa det var heilt trygt berre vi gjorde som han; sitt på huk, hold fram mat, og ikkje sjå dei i augene. Så veit du det!). No sit eg ser Tyskland – England med 13 britar og ein tysker. 2 – 1 til Tyskland og tyskeren er ein smule kjepphøg.
I morgon går turen til Cameron highlands. Litt høgare, litt kaldare og gode fotturmoglegheiter. Skal vistnok ut og kjike på verdas største blomster, fossefall og teplantasjer. Litt meir ut i periferien enn no, så ingen oppdateringar før Kuala Lumpur.
Til slutt eit par ord om turlederen vår, Pong. Han er thailender, snart seksti og full av humør og gullkorn. I tillegg er han rødskjortesympatisør, og ALLTID på facebook på mobilen sin (til og med ute på padletur). Gullkorn frå Pong; “Try it, new experience” (ca hundre ganger om dagen), “rock n loll” (kvar gang vi skal dra eit sted), “Save the baby” (betyr å drikka), “you are experienced traveler” (til meg.. Kanskje alderspoeng teller lell).
Roggesangen: Calexico – Two Silver Trees
var nok sporken som gjorde at du så experienced ut!
spork og tigerbalsam: alt man trenger!