Fortapt i Ingenmannsland?

I går brukte vi heile dagen på å kjøyre frå Krabi til Penang. Ei øy på vestkysten av Malaysia. Etter fleire timar i minivan (og utallige mopedar med ymse overlast seinare) var vi endeleg ved grensa. Og for ein husomgur med pass frå steinalderen, og rare bokstavar i navnet tok sjølvsagt passkontrollen ut av Thailand sin tid. På andre sida av passkontrollen var sjølvsagt resten av gruppa borte. Så der stod eg da i Ingenmannsland og alle eg spurte gav forskjellige svar. Så eg stilte meg opp og såg dum ut til gruppeledaren vår kom og plukka meg opp. Nokre minutt seinare var thai bytta med malay, bath med ringgit, Chang med Tiger, og Buddha hovudsakleg med Allah.

Etter å ha kryssa verdas lengste bru (13 km) var vi endeleg framme i Georgetown, Penang (Dagens britiske gullkorn etter 15 timar i Penang; “are we on an island now?” Gårsdagens britiske jubelrop; “Look they got western cuisine here!”).

Dagen i dag har i all hovudsak vore tilbragt i tempel. Noko av det kulaste var da eg og min tyske romkompis vandra inn i eit buddistempel meir eller mindre fylt med røykelse og kinesere (ja, det er både ein Chinatown og little India her, samt eit hollands kvartal.. Multikulturelt seier du? Alle lev til og med i fred og fordrageligheit). Etter ein flott matstallunsj til 15 -20 NOK barst det i veg til sør-østasias største buddisttempel (Kek Lok Si), med ei statue av “The Godess of Mercy” på mellom 35 – 40 meter. Ubeskriveleg.

Dagen blei avslutta med jeeptur opp Penang hill. Sjølvsagt var det skodde så vi fekk ikkje sett ein dritt. Det var dog eit hindutempel på toppen, der dei også bad og sang og dingla og dangla som berre hinduar kan.

På tur ned lot vår overentusiastiske sjåfør oss mate ville aper (ja ja eg veit det er fy fy, dei kan bite osv.. Men sjåføren sa det var heilt trygt berre vi gjorde som han; sitt på huk, hold fram mat, og ikkje sjå dei i augene. Så veit du det!). No sit eg ser Tyskland – England med 13 britar og ein tysker. 2 – 1 til Tyskland og tyskeren er ein smule kjepphøg.

I morgon går turen til Cameron highlands. Litt høgare, litt kaldare og gode fotturmoglegheiter. Skal vistnok ut og kjike på verdas største blomster, fossefall og teplantasjer. Litt meir ut i periferien enn no, så ingen oppdateringar før Kuala Lumpur.

Til slutt eit par ord om turlederen vår, Pong. Han er thailender, snart seksti og full av humør og gullkorn. I tillegg er han rødskjortesympatisør, og ALLTID på facebook på mobilen sin (til og med ute på padletur). Gullkorn frå Pong; “Try it, new experience” (ca hundre ganger om dagen), “rock n loll” (kvar gang vi skal dra eit sted), “Save the baby” (betyr å drikka), “you are experienced traveler” (til meg.. Kanskje alderspoeng teller lell).

Roggesangen: Calexico – Two Silver Trees

Lukta av solkrem, myggmiddel og sveitte

Ja da sitt eg i ferieparadiset Ao Nang, Krabi, og ein snikande foelese av att dette eigentleg er syden, berre med litt annerledes mat, litt flottare natur og litt meir damer av natten. Reisefylgjet mitt er veldig ok, dei kan vera litt unge for meg innimellom, men det gaar greitt. Og det er jo ogsaa dei yngste som er mest frampaa, saa har blitt betre kjent med dei litt eldre no etterkvart og dei er veldig hyggelige. Haapar ingen av dei kjoeyrer google translate paa forrige innlegg og blir fornaerma.

Som det kanskje kom fram av inntroduksjonen har eg eit litt ambivalent forhold til Krabi. Paa mange maatar er dette “syden”, billige drinkar, fulle skandinaviere, britar og amerikanere, stort utvalg i vestlege mattilbud, og dei evige suvernirsjappene som stort selg det same som i resten av verda; morosamde t-skjorter, solbriller, flip flops og solbriller. Inniblanda ein og anna buddastatuen og thailandske hattar. Nattens damer er ogsaa livlig til stades. Det same er dei ganske saa ekle bleikfeite 50 aar gamle vestlege mennene som gaar arm i arm med ei lokal skjoennheit. Likevel er det mykje som er bra her.

Foerste kveld var vi og aat paa ein lokal restaurant som guiden vaar anbefalte foer vi saag england klore seg vidare i VM. Ganske artig naar ein er paa tur med ein gjeng britar og ein faar to drinks for 200 bath (Ca 50 kr) i ein bar som reklamerar med “No prostitutes in the bar”. Meet u @ Chang bar, Krabi. Meir er det vel ikkje aa seia om den saken. I gaar var vi paa oeyhopping rundt omkring utanfor kysten her. Dette inkluderte Bamboo Island, Kho Phi Phi, og da sjoelvsagt juvelen i strandkrona; Maya Beach. Stranda som blei brukt i filmen “the beach”. Sjoelvsagt eit herleg skue, dersom du photoshoppar ut turistane som dekkjer heile stranda. Om kvelden endte vi sjoelvsagt opp paa Chang bar igjen. Fest er no og blir fest, saa det gidd eg ikkje utbrodere saa veldig, anna enn aa si at vi staar opp kl halv aatte saa raafesting blir det no ikkje. Innkastarane er veldig artige og er med paa festen. Innkasterdama strevde hardt med “folde hendene omvendt og vri ut til ein peikefinger paa kvar nasebor” trikset mitt, og smilar og floertar med alle som proever aa gaa forbi. Innkastargutane brukar for det meste tida si paa aa trikse med tenninsballar i kjetting (ildkuler naar det ikkje regnar), drikke gratis oel, danse paa borda og roeyke litt jazztobakk. Lurar paa om dei nokongong kjem til aa koma seg ut av dette livet.. Eg gjekk ein liten tur utpaa kvelden og kjoepte grillspyd fraa ein lokal liten trillevogn, og hadde ein liten og festleg passiar med innehavaren om fotballvm, thailands whisky og Kho Phi Phi medan han grilla. Alltid artig aa treffe nye folk. Vil antagelegvis fortelja litt meir detaljert om AAAAALT det artige som skjer naar eg kjem heim, men nett no gidd eg eigentleg ikkje bry meg saa hardt..

I dag har eg vore aa padla havkajakk i ei mangroveoey, med djupa dalar, laguner og huler. Supermorro, og ikkje vart eg solbrent heller. Til lunsj fulgte eg med vaar thailandske guide til ei bakgate der han fant ei lita sjappe som serverte heilt herleg nuddelsuppe med ferske spirer, kylling og fiskeboller (andre boller enn norske fiskeboller, pardon the phun), samt thailandske pomes frittes. Very very good indeed, saerleg etter at eg toemte paa passe ekstra chilli til aa sveitte litt ekstra. Etterpaa saa reid vi paa elefant rundt omkring i jungelen her. Det var artig nok. Noksaa stille og rolig, men ogsaa litt ekkelt i oppover og nedoverbakkar. Etterpaa saa for vi til ein mallefarm og fora maller, noko som vistnok var “the most gross thing I’ve EVVA seen” i fylgje dei britiske jentene. Dei skulle vorte biologar.. 

Ogsaa maa eg jo berre legge til at det er jo ikkje noedvendigvis det spennande og kule og alle atraksjonane som gjer reising festleg, det er fjesa ein moeter undervegs og dei smaa tinga. Ei einsam, blond jente paa nattoget til Krabi som ser livredd ut heile turen, mopedar med familien paa tur (mor, far, to barn, og gjerne halve innboet i tillegg, eit lite grillspyd, thailandske pannekaker steikt paa gata, bading paa Ao Nang ved midnattsleite..

I morgon tidleg bordar vi ein minivan og set nasen mot Georgetown, Penang, Malaysia. Bath blir bytta ut mot ringit, og thai med malay. Inntil vidare; Tuddeldu peeps, og snakkas over ein kaffe paa Ni Muser 20. juli! (bortsett fraa June; vi moetes vel over ein oel i Sanur den 11.)

Roggesang for dagen: Gorillaz – Welcome To The World of The Plastic Beach (Feat. Snoop Dogg and Hypnotic Brass Ensemble)

No sir, I don’t want tuk-tuk ride to the ping pong show

Ja, da var turen i gang. Flyturen fraa Trondheim til Bangkok gjekk greit. 5 timar paa Schiphol var ikkje saa ille sidan dei synte fotball paa ein pub der. Ellers var det ganske spenstig aa lande i Bangkok med over 30 C naar ein kom fraa Trondheim med bortimot 25 grader mindre. Drosje fraa flyplassen til Hotellet gjekk ogsaa heilt greitt.  Fyren skulle ha 500 Bath for turen, noko som for meg var heilt greit sidan eg kom rett fraa ein lang flytur og var troett og sliten. (Mamma kan hoppe over dei tre neste setningane..). Drosjenturen var mitt fyrste moete med asiatisk trafikk, noko alle som har vore i Asia gjerne brukar aa fortelja livlig om. Drosjesjoefoeren laag pent i 120, traakla seg pent mellom bilar og filer og trange lommer i trafikken, alt dette medan han livlig skravla i mobiltelefonen.  I tillegg maa det jo leggast til at trafikksituasjonar som i Noreg gjerne blir sett paa som raakjoeyring, er normen her; forbikjoeyring paa vegskuldra eller sperrefelt, og “tut tut her kjem eg strategien”.

Mamma du kan starta aa lesa igjen her. Innsjekkinga paa hotellet gjekk greit. Og eg traff fort han eg ska dele rom med fram til Singapore. Tysk astroteknologiingenioer. Triveleg fyr! Resten av gruppa bestaar av britiske Uni kidz paa sin foerste tur borte fra mamma, kan bli intressant. Dei fleste virkar triveleg lell. Er fortsatt ikkje sikker paa han som nettopp kom fraa 2 veker i Kambosja og oppfoerer seg som om han har sett verda i aarevis (men slik er vi vel alle etter at ein nettopp har opplevd masse). Han har tydeligvis god greie paa thaimat sjoelv om han meiner at “pak thai” er best av alt. Altsaa steikte nudler.. Jaja, vi faar sjaa, kan hende er han ogsaa triveleg.

Fyrste kvelden sa vi “hei” til kvarandre og gjekk ut for aa eta, foer vi avslutta med eit par buckets (Drink i saann plastspann ungar brukar paa stranda) paa Khao San Road. Khao San Road var akkurat som forventa, fullt av drita amerikanske og britiske (Nei, eg har ikkje noko i mot britar..). Kaotisk, stoeyanda, festleg og alt det der. Meir eller mindre akkurat som paa film, berre litt meir fulle vestleg “brats”. Og ogsaa eit lass med tuk-tuk sjoefoerar som absolutt skal kjoeyere oss til “the ping pong show” (Nei, eg anar ikkje kor uttrykket kjem fraa..)

Dagen etter tok vi ein busstur til det flytande markedet. Dette var foer i tida fullt av “longtail boats” som solgte frukt og anna matvarer. No er det for det meste fullt av turistjuggel og turistar. Og damer som absolutt skal smoere deg inn med tigerbalsam og si “God for your neck sir! Good for mosquito!”. Det blir veldig mykje “No thanks” av saann. Vi gjekk til ein thaiplass for aa eta lunsj. Britane kjoeyrer god stil og bestiller toast og te. Eg bestiller ei veldig god tom yam suppe. Britane syns ikkje lunsjen sin var god, eg syns min var kjempegod. Nuff said 😉 Det maa ogsaa leggast til at britane ikkje likar chilli. Dei fleste av dei likar heller ikkje ris eller nuddlar.. Lykke til liksom.  Deretter var vi innom “The Royal Palace”. Utruleg flott annlegg, masse gull, utsmykning og overdaadigheit. Ogsaa Emeraldbuddaen daa sjoelvsagt. Dei som har sett denne skal vistnok faa alt dei peikar paa her i livet, eg gledar meg!

I gaar kveld stabla vi oss paa nattoget til Krabi. Dette var trangt, glovarmt foer det blei iskaldt, og ein ganske artig opplevelse. I dag kom vi til Ao Nang, plassen der vi skal bu i 2 netter til. Her i sentrum kan ein egentleg gjera veldig lite; eta, faa massasje (og ja dei masar noko inni h***), drikke oel, ligge paa stranda eller bade. No skal det leggjast til at dette kanskje er ei av verdas finaste strender da, saa heilt ok liksom. Da vi kom regna det og var graatt, saa det var ikkje saa sjarmis. Etter ein bedre lunsj klarna det opp, og stranda var kjempefin. Det var uansett godt med ein svoemmetur etter den noko sveitte togturen. I morgon skal vi paa dagstur med “longtail boat” ut til oeyane utanfor her (inkl Kho Phi Phi) med snorkling. Og i overmorgon  blir det antageligvis sjoekajakk ut til mangroveoeyer, evt ei lagune inni ei kalksteinsklippe.

Roggelaat: Manu Chao – Rainin In Paradize

Roggepost #1

Oisann! Plutseleg er tida straks her. Eg skal på tur, og eg stjel Erik sitt utrykk “rogg” (reiseBlogg) og startar no med fyrste roggepost.. Akkurat no kjenner eg at panikken brer seg over alle slags rare småting. “Kven i alle dagar kjem eg på gruppe med”, “greier eg å finne eit hotell heilt på eiga hand i ein kaotisk storby”, “Tenk om eg ikkje får sova på flyet”, “Tenk om eg blir solbrent/matforgifta/denguefeber”.. Jada, sånn går no dagan.

Mest  av alt er eg nok spent på alt det rare eg håpar på å få oppleva. Søndag i 13-tida forlét eg Værnes, akkurat i passe tid før vektarane har tenkt å starte å streike der. Etter ca. 5 timar i selskap med ei paperbackbok på Schiphol kan eg setja meg på flyet til Bangkok. Der vil eg lande i 12-tida på dagen (Lokal tid). Også har eg litt over 30 timar på å utforske denne legendariske byen. Tempel, svære buddastatuer, elvebåttaxi, thaimassasje og all verdens ting du ikkje ante kunne kjøpast for pengar. For ikkje å snakke om maten.. Eg siklar allereie ved tanken på sitrongras, chilli, søtbasilikum og kokosmjølk! Kanskje blir det også kikke litt på restane etter raudskjortenes hærverk eller ein thaiboxingkamp før vi sett nasen i retning Krabi, legendariske strender og enda fleire eventyr lengre sør.

Første (og kanskje siste) roggelåt: Rush – A Passage To Bangkok

Vegafos

Ja, nå byrjar eg å bli passelig “vegafos”, eller reisesjuk om du vil. Pakkelista er klar, det same er mesteparten av det eg skal ha med meg. Om akkurat ei veke landar eg i Bangkok, og blir borte i litt over 4 veker. Mest spent er eg på kva reisefylgje eg får med meg.. Men eg reknar med at det går fint med dei fleste av dei. Artige ting på pakkelista: Munnharpe, snyltekopp og spork. Stader eg gledar meg meir enn andre til å sjå: Strendene rundt Ao Nang, teplantasjene  i Cameron Highlands, rulletrapp i parken i Singapore, soloppgangen over Mt. Bromo, Buddisttempelet Borobudur, home stay på kaffeplantasje i Bondowoso på Java, hinduismen på Bali. Men kanskje blir det noko anna som blir favoritten. (Det kjem antagelegvis til å bli blogga ujavnt frå turen utover sommaren, alle innlegg med relevans til tur vil bli tagga med “Onkel Reisende Mac“).

Slik ser ruta ut (beskrivelse finn du [her]):

Og pakkelista ser slik ut:
[Pakkeliste]

Ellers har eg vore på KISS-konsert, det var kjempeskøy, og eit show utan like. Dei har i det minste forstått kva rock n’ roll handlar om; sirkus, fyrverkeri og sangar om.. vel… ja.. “pull the trigger of my love gun”.. wink, wink, nudge, nudge, know what I mean.. Og denne helga har vi hatt capoeiraworkshop med CM Parente. Eg har no laga meg min heilt eigne berimbau, trena masse og kollapsa med migrene i gårkveld.

Spork, eller skaffel om du vil

Ja ja lenge sidan eg har oppdatert.. La oss skylda på pollenallergi og personlege årsakar 😉 Har vore heime i Skjåk og feira 17 mai, holde skrålefest, samt forberedt meg på langtur. Og i den forbindelse har eg da gått til anskaffelse av nok ein ting du berre må ha/eigentleg ikkje treng (stryk det som passar). Nemleg ein “spork”, eller som det heiter på skandinavisk: “Skaffel”. Kva er det spør du kanskje? Det er sjølvsagt ein kombinasjon av ei skei og ein gaffel [Spork]. Er det nyttig? Kanskje? Har den kult navn og ser kul ut? Japp! Det er ting som fortel meg at denne vil finne vegen inn i EDC (EveryDay Carry) arsenalet mitt, saman med mobil, lommebok, kortstokk, notatbok, penn, random bok, random musikkmagasin, paraply og mp3 spelar.

Jørns reisetips #46: Aldri dra heimefrå utan skaffel.