Spørsmål eg ofte får #1

Med det nye året tenkte eg å starta ein liten serie med kortare innlegg her på bloggen, ein slags “FAQ” eller, som det høver seg, på nynorsk: “Spørsmål eg ofte får”. Eit av dei absolutt vanlegaste spørsmåla eg får er:

 

– Kva syns du om at tregrensa går oppover?

Dette set meg ofte litt ut, sidan det ifrå eit økologisk perspektiv er eit litt underleg spørsmål.  Tregrensa er, som all natur, dynamisk og alltid i endring. Nokre stader går den opp, andre stader står den stille eller har til og med bevega seg nedover. Den vanlegaste responsen her i Noreg har likevel vore, med litt mindre opp- og nedturar, ein oppgang sidan istida (litt som ei børskurve).

Kanskje spør dei eigentleg om vi ser effekten av menneskeskapte klimaendringar på tregrensa, eller om eg trur på klimaendringar i det heile tatt? Kanskje botnar det i at mange ser på naturen som eit slags opprinneleg og stilleståande landskap, der all endring skuldast menneskeleg aktivitet? Ikkje veit eg, men om du har lyst til å stille eit spørsmål du kanskje får ein diskusjon ut av, kan du for eksempel prøve noko slik som “Er det råd å separere effekten av naturlege endringar frå dei menneskeskapte?”.

Forøvrig: Godt nytt år, folkens!