Tregrensa – Ein slags introduksjon

Vi nordmenn har eit nært forhold til fjellet. Snøhetta, Glittertind, til Dovre faller og påskefjellet.. Men kor byrjar fjellet eigentleg? Når ein står på andre sida av dalen er det i dei fleste høve lett å kunne anslå ei distinkt linje der skogen sluttar og fjellet byrjar. Når ein sjøl står midt i denne sona derimot, er det nesten uråd å seie kvar grensa er! Går den her? Eller kanskje litt lengre oppe? Det er da liksom ikkje heilt fjelle enda? Men det er da jammen ikkje tett skog heller? Og kvifor i alle dager veks ikkje trea lengre opp?

Ingen grunn til panikk! Forskarar har prøvd å finne svaret på desse spørsmåla i årevis, utan å bli heilt einige (men kanskje kome litt nærare svara med åra). Gjennom denne bloggen har eg tenkt å gi nokre svar, og kanskje gjeva deg ei heil rekkje nye spørsmål å undra deg over…

Bittelitt historie
Til tross for at denne overgangen i landskapet er ganske distinkt og slåande har det ikkje vore bedreve forskning på tregrensa veldig lengje. Dei fyrste forsøka på å systematisk kartleggje den kom mellom 1850 og 1900 ein gong. Ganske samtidig vart det også klart at temperatur har noko med saken å gjera. Sidan den gong har forskarane fortsett å undra seg, og den eksakte forklaringa på kvifor tre sluttar å vekse berre temperaturen vert låg nok er fortsatt ikkje heilt klar. I nyare tid, når ein byrja å bli klar over klimaendringane fekk også tregrenseforskninga fornya kraft: Korleis ville tregrensa reagere når temperaturen auka? Vil fjellet bli dekka av skog? Kan tregrensa brukas som ein indikator på desse endringane?

Bittelitt terminologi
For å kunne forske på tregrensa treng ein å ha litt klare rammer for kva ein forheld seg til. Forskarane har difor kome opp med nokre definisjonar. Fyrst og fremst må ein difor definere kva som utgjer eit “tre”: Det veks jo tross alt små bjørk, furu og graner langt høgare enn der vi ser skogen slutte. Derfor har forskarane beslutta at for at det skal kallast eit tre må det ha ei viss høgd. Dette varierer litt med tresort og område av verda, men her i Noreg brukar vi gjerne 2 meter som eit mål på eit tre. Ta så ein titt på bilete over, kva for ei av dei påteikna linjene trur du er tregrensa? Kanskje tenkjer du at den nederste linja, som går omlag der den gjennomsnittlege skogen tek slutt er tregrensa? For oss forskarar vil dette være det vi kallar for “skoggrensa”, altså siste rest av tett skog. Den midterste linja derimot, er det vi kallar “tregrensa.” Altså høgda der dei siste individa over 2 meter befinn seg. Til slutt har vi den øvste linja. Dette er “artsgrensa”, det vil si grensa for kor høgt arten (feks bjørk) i det heile tatt kan vekse. Til slutt må eg også fortelje at tregrensa i det store og heile er det vi forskarar kallar ein “økoton”: Altså ein gradvis overgang frå eitt økosystem til eit anna.

No som alt dette er avklart er vi klar til å bevege oss ut i meir spanande farvatn: Alt som skjer mellom skog og fjell. Der to samfunn møtes blir det jo gjerne både krig og fest.