Dear Lonely Planet writers, what is so lonely about Khao San Road?
– The Beach (fritt etter hukommelsen)
Møtte resten av gruppa I går, virkar til å vera ein artig gjeng. To purunge britar, brevvenninner frå USA/Østerike, backpackerar og Canadiere.. Heile spekteret dekka. Vi gjekk ut for å eta på Khao San Road, etterfulgt av ei bøtte eller to. Eg hadde heilt gløymt kor fascinerande/tacky/internasjonalt/alkoholisert/sexifisert denne gata er. Nei, eg vil ikkje bli med på ping pong show i år heller.. Eller å sjå “Rainbow Pussy” eller “Bottle open with pussy” eller.. ja…
Lyter til tross, Khao San er ein artig plass. Her er det fest heile dagen, kvar dag. Buckets og marked. Fyll og morro. Khao San er å bestille øltårn til bordet, og oppdage at servitrisa eigentleg var ein gut. Det er å leikeslåss med ein frampå gut på 10 år som burde ha betre ting å ta seg til enn å selgja blomster til fulle backpackerar midt på natta. Det er å kjøpe seg ein solhatt særdeles overprisa, sjølv etter hard pruting, men som likevel er billig. Det er å møte folk du aldri ser igjen, men som alltid har et same spørsmålet; “Where are you going?”. For det er det, bortsett frå desse backpackerane som har blitt hengande fast I hasjtåka på Khao San, så skal dei fleste ein annan stad, eller har nettopp kome tilbake frå ein annan plass. Vi skulle til Kambodsja.
Og overgangen frå Khao San til Kambodsja kunne vel ikkje vore større. Frå ein av dei meir utvikla byane i sørøstasia kryssa vi grensa til eit av dei fattigaste landa i regionen. Bagasjen vår blei trilla over grensa på ei falleferdig trevogn, dradd for hånd. Vegane er dårlegare, med merkbart mindre trafikk, og folket tydeleg meir fattige. Vi installerte oss på hotellet i Siem Reap, og drog ut for å besøkja «New Hope Cambodia». Dette er eit frivilligprosjekt starta for å gi ungar i området skulegang. Det heile starta av ein ambisiøs og modig tuk-tuk sjåfør for nokre år sidan. Sidan da har prosjektet grodd, og husar no eit legekontor, og dei deler også ut ris til dei lokale, slik at ungane her skal sleppe å gå ut for å arbeida for å gi familien mat, og i staden gå på skulen. Ein tuk-tuk tur ut på svært humpete grusvegar, forbi hus og familiar med høg fattigdom blei vi kjørt. Det føltest rett og slett utruleg rart å væra vestleg turist med eit svært kamera hengande rundt halsen, rett og slett eigentleg flaut å vita at eg har det bra fordi eg var heldig med kor i verda eg blei født.
Vi fekk lov å væra med i skuletimen eit lite kvarter. Vi blei sendt inn i ei engelskklasse som var svært ivrige etter å øve på engelsken sin. Så eg har snakka om Norge, og kor mange innbyggere vi har og at det er kaldt om vinteren og alt anna dei måtte finne på å være intressert i.
Deretter fekk vi høyra litt meir om prosjektet, før vi fekk servert mat av dei. Utruleg god heimelaga mat, og vi fekk dermed gjennom GAP i alle fall spytta inn nokre av kronene våre inn i dette prosjektet. Så har eg kjøpt meg god samvittigheit ei lita stund til. Eller?
I morgon skal eg opp klokka fire-halv fem for å nå soloppgangen over Angkor Wat, det gledar eg meg til!
PS: Frityrstekt grashoppe står no på lista over konsumert mat. Og ja: det var meget godt.
Eg les bloggen din, for eg følgjer med på alt du foretek deg! 🙂 Legg ut bilde snart då!