Som nevnt i forrige rogg blei gårdagen brukt på snorkling og øyhopping. Snorklinga var litt mjeee (nokon hadde vistnok stole korallrevet..). Øyhoppinga var super. Vi fekk fersk grilla barracuda på stranda, spelte volleyball og laga ein gigantisk penis i sanda (gutter er gutter…). Ein liten gåtur bragte oss over på andre sida av øya, og ei av dei flottaste strendene eg har sett. Det var også eit lite hostel og ein cafe/bar her, som lukta slakk backpakker/hasj på lang avstand.. Så vi slang oss ned i kvar vår hengekøye med ein øl (Sjekk 365 for bilde).
På båtturen heim blei vi truffe av monsunregnet. Artig, new experience..
Kvelden blei brukt til å konsumere grilla sjømat for omlag 3 dollar. Ikkje ille! Etter middag drog vi attende til hotellet og overraska turguiden vår, Minji, med bursdagskake.
Dagen i dag har blitt brukt til å krysse grensa inn til Vietnam. Eg starta dagen med feriemage. Da vi kom til grensa var det berre å finne fram dasspapir og løp til næraste dass, som var overraskande rein. På grensa inn til Vietnam fekk ei amerikansk jente problem med visumet sitt. Så vi blei sittande i nærare 4 timar med fjas, før vi måtte betale ein dollar kvar. Må jo berre like korrupte kommunistar. Medan vi sat der blei eg i tillegg skikkeleg kvalm, og enda med å springe til toalettet nok ein gong. Så der stod eg og spydde på eitt av dei meir grisete dassa eg har sett, med eine handa på døra, som sjølvsagt ikkje ville låse. To runder av dette, før vi gjekk over grensa. Mens vi satt og venta ved bussen bar det ut i grøftekanten for å spy. Spying i offentlegheit… ikkje heilt min ting. Bussturen blei tilbragt med hovudet i ein pose. Kanskje like greit, sjåføren kjøyrde som ein gris. (Han dulta ei gammal dame over ende i ein sving!). Kvifor reisande skryt av slike ting når dei kjem heim er ufatteleg.. å væra skikkeleg klein i tredve varmegrader på ein buss er veldig forgløymeleg i mi bok. No er eg på hotellet i Vietnam, og formen er stigande.
Ps: facebook er blokka her, så om dykk treng å ha tak i meg, bruk mail.
Pps: mamma og pappa: det er ikkje berre dykk som er intressert i korleis eg har der. Eg vil gjerne veta korleis det går heime også (kjem sms’ane mine fram?) 🙂