Lads on tour, pass the spoon

Sist dykk høyrde frå meg var stranda i Nha Trang. Eg gløymde kanskje å seia at grilldagen inkluderte så mykje alkohol vi greide å drikka. Kombinert med ei kort natt, dehydrering og ein lang dag i sola betydde dette relativt høg promille på ein del av dei yngre i fylgjet. Og eg har no lært den facinerande britiske drikkeleiken “pass the spoon”. Som går ut på at ein har ei skei, som ein sender rundt, medan ein syng “Lads on tour, pass the spoon”. Den som har skeia, må drikke til han får gitt frå seg skeia.. Enkel måte å bli særdeles berusa på, når ein får så mykje rom ein vil ha..

Kvelden endte difor med eit relativt rølpete party på hotellrommet til nokon av britane, før dei stakk ut på byen. Vi i den “eldre garde” gjekk og la oss. Dagen etter stod vi opp og tenkte å leige syklar for å koma oss litt rundt i byen. Sidan graderstokken viste 36 illsinte grader, lurte vi på å skippa det og berre setta oss ved bassenget. Som troll ut av eske dukka to motorsyklistar opp på sida av oss, og lurte på kor vi kom frå og småprata litt, før han vippa ut ei “skrytebok” med skryt frå ulike folk som hadde vore med dei på motorsykkeltur. Han ville sjølvsagt ta oss med på tur. Etter litt fram og tilbake kom vi fram til at vi hoppa på tilbudet, med risiko av å bli satt av på landsbygda i Vietnam utan pengar og kamera. Det viste seg å ikkje væra tilfelle. Vi fekk ein strålande motorsykkeltur rundt om kring landsbygda ved Nha Trang. Dei kjøyrde oss også innom ein tradisjonell familie som vov matter som levebrød Vi fekk prøve å veve matter sjøl, eg brukte rundt eit halvt minutt på å tre grasstrået gjennom. Dei lokale damene brukte ca to sekund. Karane som kjøyrde oss rundt var stø i engelsk og rappe i kjeften, med standardlinjer som “Don’t worry, be happy” og “Easy Rider – fuckin’ cool”. Kombinert med ein strålande frokost og ein strålande lunsj, endte det som til å byrje med såg ut som ein ganske kjedeleg dag ved bassenget opp med å bli blant dei betre dagane her.

På kvelden var det tid for nok eit nattog. Toget skulle gå klokka 22, men var utsett ein halvtime. Medan vi stod der, kom ei dame i pysjamas og dytta i oss og sa at toget kom straks. Så vi tusla ut på perrongen der ho viste oss. Mistenkeleg nok var dette rett utanfor butikken til dama i pysjamas. Merkeleg nok var ho også veldig pushy til å selgja..

Nattoget, som guiden vår Minji kalla “the shit train” var som du kanskje skjønar ikkje like festleg som det forrige. Spraying av kupeen med kakkerlakkspray var første bod. Sengene hadde allereide vore i bruk av andre frå Saigon til Nha Trang, så det var berre å slengje seg ned i ei velbrukt seng. Koooselig.

Etter ei god natts søvn på toget, er vi no framme i skreddarbyen Hoi An. Dette er ein ganske kolonial (Vietnam var fransk koloni) by, og er ganske stille. Noko som for meg er vidunderleg, sidan eg i går holdt på å gå på veggen. Etter ei stund byrjar asiatisk brøk, kaos, varme, stank, mas og kjas å ta på. Ei stund i går tenkte eg faktisk “EG ORKAR IKKJE MEIR ASIA! VÆR SÅ SNILL Å KJØYR MEG HEIM!”. Heldigvis betre no 🙂

No skal eg straks ut og kjøpa meg ny skreddarsydd dress, og håndsydde sko. Er eg heldig får eg alt for under tusenlappen. Så no får du endeleg snart sjå sønnen din i ny dress mor!