Etter ei god natt i Siem Reap (Eg sovna kl 21 lokal tid, og stod opp igjen ca 04.30), bar det rett ut i jungelen for å sjå sola stå opp over Angkor Wat. Imponerande tempel, imponerande soloppgang. Angkor Wat blir heller ikkje mindre imponerande når ein tuslar rundt der. Etter ei runde i Angkor Wat bar det attende til hotellet og frokost, før det var å kaste seg på bussen for ei lang runde tempel.. Bayon kan nevnast, og “Lara Croft tempelet” blant anna. Bilete kjem, og historia til Khmerriket kan dykk lesa dykk opp på dei som ynskjer det, så slepp eg skriva det her, dette innlegget blir fort langt nok likevel..
Solnedgang frå eit tempel på toppen av ein kolle (eller fjell som dei valgte å kalla det her) blei avslutninga på denne Angkor overdosa. 13 timar tempel tek på. Særleg når ein blir overfalt av ungar som ynskjer å selgja deg noko “5 bracelet for one dollar sir” (dollar er uoffesiell valuta i Kambodsja). Så på kvelden blei det middag inkludert lokalt danseshow, etterfulgt av ein tur på markedet, før kvelden blei avslutta på pubben “Angkor What?” (Promoting irresponsible drinking since 1998). Her samlar backpackerane seg for å bælme nedpå buckets med drinkar og å danse på benkar og benkeryggar (Det var forbode å danse på bordet da…). Det er noko med dei grelle kontrastane til den verkelege verda som verkeleg ligg rett utanfor døra her. Ungar svelt ihjel kvar dag, eller må jobbe lange skift, mens her sit vi rike, kvalme ungdommar frå vesten og ler og drikk og blås pengane våre. Eg veit ikkje kvifor det føles verre enn å gå ut på byen heime, her går jo faktisk penga rett inn i den lokale økonomien, og held lokale folk i arbeid, så i realiteten er det jo faktisk betre. Likevel.. Det føles berre litt respektlaust på mange måtar. Guilty pleasure liksom.
Ei av jentene på gruppa måtte til slutt bærast i seng, det seier vel sitt om kvelden. Eg tok tuk tuk tilbake til hotellet og fekk tilbydd meg det meste som er ulovleg i dette landet på den korte turen: “Mariuana sir? Cocain? Heroin? Special massage?” – “Just take me to the hotel, please…”
I dag stod vi opp litt seint, og tok ein lokal buss frå Siem Reap til Phnom Penh. Kambodsja er som dei fleste land her i regionen eit facinerande land å titte på frå bussruta. Damer som selg grilla gresshopper som snacks til busspassasjerane, kyr midt i vegen, og eit lass med tohjuls traktorar pregar bildet. Og Kambodsja er vel meir eller mindre ei stor landbruksslette. Så det kan bli litt kjedeleg om ein ikkje fylgjer med på vegen, for det er der det skjer. Asiatisk trafikk, og folk som held på med underlege ting.
Vel framme i Phnom Penh, barst det rett til middag. Også denne prega av desse ungane som skal selja deg alt mogleg rart. Bøker, armband, blomster og skjerf. Og eg lovar deg; Det å sjå inn i augene til ein tydeleg utsulta gut på kanskje 10, som står der og vil selja deg ei bok til ein dollar, mens du sit der med neven full av dollar og gaflar innpå mat og øl… Det er få ting her i verda som får deg til å føle deg meir shitty enn nett det..
I morgon står Killing Fields og S-21 (Tuol Sleng, fengselet/straffeanstalten til Røde Khmer) på plakaten, stemninga står neppe i taket der heller. Bestialske minnesmerke som dei er.
PS: Om nettverket fortsett å væra like ille blir det ikkje noko bilde før eg kjem heim..