Etter ein liten omtur om Halong Bay, har eg ankome Hanoi. Siste stopp, endepunktet. Dei fleste andre i gruppa vil laurdag morgon fortsetja til Laos, medan eg, Lisa, Jenna og Laura skal finna oss kvart vårt fly heim (eller ein liten svipptur innom India for Lisa sin del). Det blir litt rart å berre stikke av frå desse ansikta eg har blitt kjent med i løpet av tre korte veker, men det skal også bli veldig godt å koma heim til ein plass der oppgjeven pris er oppgjeven pris, ingen prøver å snyta deg konstant (“Look you gave me 10.000 dong not 100.000 dong, you need to give me more money”. “No, give me my 100.000 back I refuse to do bussiness with you”), ein plass der trafikken respekterar trafikklys, ingen påtrengjande seljarar skal selgja deg all verdens skjit (fiiiiive for one dooooolla), ein plass ein ikkje treng kjøpa liter på liter med vatn, konstant passe på sola, lommebok, pass og kamera.. Ja… Du skjønar. Til tross for desse lytene er asia ein vidunderleg plass å feriera. Eg kan gå i flipp flopps heile tida, varmen er leveleg og det er godt å sleppa å kle på seg for å gå ut, eg får øl til under fem kroner, middag omlag like billig, god mat frå ferske råvarer, eit lass med nye sanseinntrykk og erfaringar, og ikkje minst, eit kamera fullt av bilete.
Nok om det, attende til reiseskildring med journalistsisk presisjon! Nattoget til Hanoi var ganske bra, vi drakk øl og spelte kort og kvelda før ti. Eg har sjeldan sove så godt på lenge. Klokka fem satt vi på minibuss ut i frå ein daudstille Hanoi by, og vi var framme i Halong Bay cirka 9, litt frukost og ein liten lur (det blir mykje luring på desse turane), før vi i tolvtida borda vår eigen private junk, og tøffa ut mot kalksteinsklippene og øyane medan vi heiv innpå deilig sjømat. Flott båttur i flotte omgivnader (eit av verdas sju nye naturunderverk vistnok, desse sju underverka flyt litt ut etterkart..). Vi padla inn i ei lagune med sjøkajakk før vi tøffa vidare rundt blant kalksteinsklippene. Ein liten tur innom ei øy med ei grotte i fjellet var siste syn før vi tøffa oss tilbake til sivilisasjonen.
Ny lur, eg og James forsov oss til middag, men det gjorde ingenting for våre energiske vener fekk resepsjonen til å ringja oss opp og skrema livet av oss. Heilt ok middag, og tidleg seng sidan alle var fullstendig utsletne etter nattog og lang dag i solsteiken.
I dag var det minibuss tilbake til Hanoi. Avbrutt kun av ei kort tissepause og ein stopp for å kurere eitt panikkanfall hjå ei av jentene, var vi “straks tilbake” i Hanoi. Her har vi tusla rundt, ete lunsj, nesten blitt påkjøyrd av mopedar igjen, og tusla rundt ein innsjø, før vi benka oss for eitt show med vietnamesisk vatndokketeater. Dette er vistnok ein vietnamesisk tradisjon der dokketeaterer utspelar seg i midjehøgt vatn, og dokkane blir styrt omlag etter Ivo Caprino metoden, med stokkar frå bak scenen og under vatn. Veldig surrealistisk og rart om ein ikkje heng med på historia som går på vietnamesisk. Litt som den vietnamesiske versjonen av Pompel og Pilt eigentleg.
Etterpå middag, og eit par øl på ein Bia Hoi bar. Ein Bia Hoi bar er vel strengt tatt ingen bar.. Det er eit trillevogn, som sel øl frå fat, og nokre pittesmp plastikk-krakkar på gata, både som bord og sitteplass. Dette er naturlege samlingsplassar for vietnamesarar som tydelegvis elskar å henge på gatehjørne. Og det var vel strengt tatt ganske triveleg, og ølprisen var også veldig overkommeleg; Omlag tre-fire kroner for eit glas øl. No er eg attende på hotellrommet, i morgon er siste dag med gruppa. Vi har planer om å tusle litt rundt i byen og få med oss ei og anna pagode, eitt og anna museum og kanskje stikka og besøkje “Onkel Ho” (Chi Minh) før vi et siste middag saman, og feirar Lisa sin bursdag og markerar slutten på turen for fire av oss. Som sagt, det er triveleg å væra her, og tida frå eg sat på flyet til Bangkok har gått latterleg fort, men jammen skal det bli godt å koma seg heim også.. På tide med litt ferie frå ferien 🙂