Liten kjapp presentasjon av folka på tur:
Turguiden vår Minji er frå Sør-Korea. Ho blei sendt til Sørøst-Asia for å operere her da jordskjelvet i Japan sette stoppar for turane der. Ho kjøyrer no sin fyrste sjølvstendige tur her i området, og gjer ein strålande jobb. Gir oss passe med friheit, samtidig som ho er grundig på research og har alltid gode matplassar i ermet. Ho er også veldig sosial, er med ut om kveldane og veldig triveleg og insiktsfull å prata med. Går også under navnet “Mama Minji”. Terningkast 6 på turguide altså (som alltid med GAP).
Romkompisen min James, er frå New Zealand og har budd størsteparten av livet sitt i Australia. Han har nettopp sagt opp jobben sin, og er på tur til Tyskland der han skal flytta saman med kjærasten. Han tek denne turen, deretter ei runde i Korea, før han drar til Tyskland for godt. Kjernekar frå NZ altså, roleg, morrosamd og nesten for triveleg 🙂 Terningkast 6 også på romkamerat.
Tre jenter forlot turen etter Kambodsja. Ei veldig triveleg jente frå Canada, jobbar i reisebransjen og veldig triveleg og lett å snakka med. Ei jente frå USA, og pennevennen hennar frå Østerike, dei var begge trivelege, men eg kom ikkje all verden i kontakt med dei.
To nyankomne jenter Jenna og Lara. Begge veldig unge (21 og 18). Har ikkje fått så mykje kontakt med dei enda, og dei held seg mykje for seg sjølv, men dei er greie å snakka med om ein kjem i kontakt med dei.
Ellers har vi som alltid eit Knoll og Tott par. Josh og Tom frå england. Dei er bestekompisar og 19-20 år gamle. Fulle av pek, alltid glad i øl og tull, men kan også væra seriøse. Dei er utruleg festlege, særleg Josh. Han klagar konstant på kor varmt det er her. Hans løysing på det meste er “Keep on movin”. “It’s soooo hot, keep on movin” seier han og spring rundt og viftar med skjorta. “God, I’m so hungover, I’m gonna be sick, keep on movin”. osv. Artige karar.
Turens eldste deltagar Michelle frå Belgia er 34. Han (ja han er han) er også veldig triveleg, det er ofte eg, James og han (og også gjerne Minji) som heng saman. God humor og flott fyr.
Eit par venner frå Reading Mike og Georgie (ho er ho). Dei har backpacka seg rundt ei stund, og er begge venner (Eg mistenkjer at Georgie er litt intressert i Mike, men at han ikkje heilt får det med seg, men det er berre kvalifisert gjetning). Begge er veldig triveleg. Mike har ein humor eg går godt overeins med og er nok den utanom dei overnevnde som eg heng mest med.
Michael frå NZ/Australia. Nesten stereotypisk homofil, men berre nesten. Glad i fest og morro, og ein triveleg fyr.
Lisa frå England har også backpacka ei stund, og er på tur heim etter ei runde i India. Triveleg jente, veldig rett fram på den britiske måten.
Claudia frå Østerike. Også veldig rett fram, ikkje spesilet glad i fysisk aktivitet, meir glad i bading, øl og røyk. Som alle andre er også ho veldig triveleg.
Alice frå England, triveleg artig jente, også på backpacking rundt i Australia.
Alex frå Canada. Fransk avstamning. Studerer litteratur, seier ho er profesjonell fotograf og kunstnar. Ho har også vore skiinstruktør, og fått publisert nokre noveller, og jammen har ho ikkje vore modell også. Rart kva ein får tid til på 21 år gitt. Ho er her fordi ho gjerne vil flytte hit til Asia, og starta eit feirestad med spa. Ho er foresten eigentleg ganske triveleg å prata med ho også.
Det var vel det. No veit de litt meir om kven eg flyg rund i Asia med. Kan også fortelja at eg nettopp har blåst rundt to tusen på skreddarsydd dress. Ikkje så verst det vel? For jakke, vest, skjorte og bukse?
Tudelduu så lengje!