Ting eg har lært på tur

Eit par småting eg har lært på tur:

  • Velg dine flipp-flopp med omhu. Dei blir snart dine beste venner.
  • Rambutan er godt.
  • Det er kjipt å heite Jørn når alle snakkar engelsk, men det er verre å heite Simen.
  • Same kor lite du pakkar med deg er det alltid for mykje.
  • Dersom du prøvar å går frå den du prutar med halverast fort prisen.
  • Dersom dei lokale er for hyggeleg vil dei selja deg noko.
  • Det er lett å bli forelska i Indonesia.
  • Ikkje gå på fortauet, gå i gata.
  • Asia er fullt av vestlege folk som gjer deg flau over å koma frå vesten.
  • YOLO.
  • Heimebrent blir ikkje betre av at ein selg det over disk og kallar det arak.
  • Det er større sjans for å bli dårleg i magen om du et pizza med bacon enn om du et kylling frå ein gateseljar.
  • På Bali er dei blide og glade når dei bær sine døde til kremering.
  • Teite armband og blinkande digitalklokker vil til slutt finne vegen til din arm også.
  • Det finnst alltid ein Chinatown.
  • Det finnst også alltid eit Little India.
  • Sarong er eit behageleg klesplagg som kan brukast til det meste.
  • Tigerbalsam løyser alle dine problem.
  • Rambutan er godt.

Vømmøl Spellmannslag – Vandre I Ring