Oh my lord Buddha

“Oh my lord Buddha” som Pong sier i tide og utide, det er slitsamt aa vera paa ferie. Mykje farting, nye stader, inntrykk og ting aa faa med seg over alt. Og det stoppar liksom aldri. Lurar paa korleis hovudet mitt er etter 3 veker til.. Jaja, kan ikkje klaga, flott vaer, flotte inntrykk og hyggeleg selskap. Rapport foelger:

Ein lykkeleg tysker, 13 deppa britar og eg forlot Penang og satte nasen mot Cameron Highlands. Farvel varme klamme dagar, velkommen norsk sommar (ca 20 grader). Dette er det malaysiske hoegfjellet og populaert feriested for dei fastboande i laagare stroek, fordi det er saa behageleg temperatur og samtidig gir gode turmoglegheiter. Vel framme og innlosjert hjaa ein noko grinete inder tok pong oss paa tur rundt i landsbyen vi bodde i. Hindutempel, jordbaerfarm og leikepark var vel eigentleg det som var aa sjaa. I tillegg fekk vi spelt ei runde basketball og ei runde fotball mot lokale ungdommar paa bana der. Turistane vant sjoelvsagt begge kampane, meir paa grunn av fysikk enn teknikk kan ein seia. Om kvelden tok Pong oss med til ein kinesisk restaurant som serverte “steamboat”. Dette er i hovudsak ein suppekjel som blir plassert paa bordet (eitt ukryddra kammer og eit med tom yam suppe), og diverse mat blir satt ut paa bordet rundt (kjoett, fisk, groensaker, reker, blekksprut, manet) ogsaa berre hiv ein oppi gryta det ein har lyst til aa eta. Veldig godt, og eg kan no krysse av manet paa lista over ting eg har ete..

Dagen etter var det klart for “adventure tour”; ein land rover tok oss ut paa tur. Foerste stopp: jungelen og tur ut for aa sjaa verdens stoerste blomster (Rafflesia). “Bilvegen” ut dit var relativt daarleg, meir eller mindre ei renne full av gjoerme kan ein vel seia. Artig tur! Etter mellom 1- 2 timar gange var vi framme ved blomsteren. Den var svaer og lukta raattent kjoett. Den overentusiastiske amerikanske backpackaren vi hadde med oss stod for hoegding av stunda i form av “Awsome!” og “That is the coolest thing I have ever seen!” osv. Etter aa ha gaatt dei 2 timane tilbake gjorde vi ein liten stopp i ein landsby av lokale. Dei synte oss korleis vi skulle skyte med blaaseroeyr, og vi fekk alle proeve paa tur. Vi fekk ogsaa gaa ei lita runde i landsbyen av tradisjonelle bambushus. Litt ekkelt aa gaa rundt aa stirre paa fattigfolk paa den maaten.Litt som aa titte paa menneske i ein dyrehage.. Etterpaa barst det strake vegen til ei teplantasje, og sjoelvsagt lunsj og tepause medan vi stirra ut over temarkene, avbrutt av sporadiske “awsome” fraa amerikaneren. Ei lita runde i ein sommerfuglhage som hadde sett sine betre dagar, og vi var tilbake til hotellet i tide for middag.

Morgonen etter var det aa setja seg paa bussen til Kuala Lumpur (KL). Rimeleg hoeg standard paa bussen, svaere sete som var herlege aa sova i. Vel framme i KL var vi ei runde i Time Square; eit grusomt stort kjoepesenter paa 10 etasjer. Dette kjoepesenteret er saa svaert at det har eiga berg og dalbane som faer rundt mellom femte og tiende etasje. Det du ikkje faar tak i her er rett og slett ikkje verd aa faa tak i. Etter ei rask runde i eit anna kjoepesenter bestaaande av fem etasjer med elektronikk, data og gadgets barst det rett til KL tower; verdas fjerde hoegaste taarn. Flott utsikt over KL, om enn litt skoddete. Middagen blei fortaert i Chinatown, foer vi farta litt rundt paa kveldsmarkedet og kjoepete ymse (To par ray-ban briller for 100 kr, og ei Diesel t-skjorte for 50,- Garantert ekte snytkjoep!). Eg har i alle fall blitt litt betre til aa prute, ein sport vi utoever alt for sjeldan i Noreg.

I dag starta vi dagen med aa spasere paa Petronas tower Skybridge (inkludert den obligatoriske haandstaanade paa kjente plasser). Mindre imponerande utsikt enn fraa KL tower, men “been there, done that”. Kul plass aa ha paa lista. Etter dette tok eg og tyskeren bussen ut til Bathu Caves. Gigantiske holer i kalksteinsklipper. Denne hola er eit hindisk helligstad og var sjoelvsagt behoerig fylt til randen av tempel (og eit lass med innpaaslitne aper..). Ogsaa ikkje forgloyme ei gigantisk Shiva-statue, og ei svaer, lang og bratt trapp opp til huleaapninga. Dei arrangerar vistnok ein festival her i maanadskiftet januar/februar av typen krokar i huden og dra ting oppover dei 290 trappestega. Fekk desverre ikkje med oss det. No sit dei fleste av oss utslitt paa hotellet og ventar paa middag. Forhaapentlegvis faar eg ogsaa proevd aa spise durian seinar i kveld. I morgon tidleg gaar vegen vidare til sjoeroevarbyen Melaka.

Dagens Pong-sitat: “You want the local food or the bloody local food?” (Som i kor autentisk ville vi ha maten vaar).

Dagens roggesang: The Mountain Goats – This Year

4 Replies to “Oh my lord Buddha”

  1. Ja, etter rafflesia passer det godt med blåserør. Traff du?
    Mistenker at vi var i samme landsby, like ved en motorvei…, men hva vet jeg, sikkert flere av dem.
    Durian er forøvrig “snillere” off sesaon, om du skulla ha betenkeligheter:)
    God tur videre!

  2. Ja, traff greitt. Virka som eit typisk turiststopp. Ikkje blitt noko durian på meg enda…

Comments are closed.