Entropi

Entropi er en ekstensiv tilstandsvariabel innen termodynamikken. Entropi er et mål på graden av uorden i et termodynamisk system. Økende entropi betyr økende uorden, hvilket innebærer at mengden energi som er av en slik form at den kan utnyttes til nyttig arbeid, minker.

– Wikipedia

Eg var kanskje litt uinspirert i mitt forrige innlegg om Singapore. Etter at innlegget var ferdig gikk eg, tyskeren og Pong til ein lokal matsjappe og aat kjempegod mat. Etterpaa vandra vi rundt i havneomraadet rundt elva, og Singapore skyline by night er virkeleg vidunderleg. Vi endte opp med aa sjaa Tyskland gruse Argentina paa ein utekafe, med tilhoeyrande Tigeroel (Like making love in a canoe..). Etterpaa vandra vi tilbake til hotellet og saved babies med gjengen for siste gong. Etter litt babyredding paa hotellet vandra vi ut i Singaporenatta. Vi blei kasta ut av ein kunstinstallasjon av ein mann som tydelegvis hadde som jobb aa passe paa den om natta (Den var heilt klart meint for aa tukle med paa dagtid). Dette blei eigentleg berre ei vandringsrunde foer vi gikk tilbake til hotellet for aa sove. Sentimentalt farvel med dei fleste.

Grytidleg dagen etter forlot eg, to jenter og Pong hotellet for aa naa flyet til Jakarta (Pong tilbake til Bangkok). Etter nok eit sentimentalt farvel med Pong sat vi paa flyet til Jakarta. Flyturen gikk greit, og vi landa i Jakarta litt forsinka. Allereie her starta entropileksjonen. Fra strukturerte Pong og enda meir strukturerte Singapore sat vi plutseleg paa ei kaotisk lufthavn i Jakarta. Den einaste informasjonen vi eigentleg hadde var navnet paa vaar neste turguide og at han skulle moete oss paa flyplassen. Da vi kom ut var han sjoelvsagt ikkje aa sjaa. Etter ei stunds vandring rundt paa flyplassen satte vi oss ned og bestemte oss for aa ringe til hovudkontoret til GAP Adventures i Bangkok (Og ja, neste telefonrekning blir antageleg grusom). Der fekk vi vite at guiden vaar var forsinka, saa vi fekk berre ta ei drosje til hotellet. Dama ga oss adressen til hotellet, saa det gjekk veldig greit. Farvel trygg trafikk i Singapore, velkommen gal asiatisk trafikk i Jakarta. Mopedane sverma rundt oss som vanleg (fylt til randen med familie, husdyr og alt anna dei skulle tenke paa aa fylle den med). Vel framme paa hotellet traff vi paa vaar nye turguide Satay. Han var opprinneleg fraa Australia, men bor no i Kambodsja. Han hadde vore paa flyplassen, og sa at kontordama i Bangkok var ei roeredame.. Jippi!

Ingen av oss foelte noko saerleg for aa utforske Jakarta, som eigentleg virka som ein betongklump som hadde esa ut over ei slette. Vaar nye turguide har totalt motsatt guidestil til Pong. Han ser ut som ein som har backpacka aaalt for lenge. Barbert hovud, tre dreadlocks fraa nakken, og kledd i tacky t-skjorter (Super Mario 3 med glitter) og utvaska slaskete asiatiske bukser. Han starta ut med aa gi oss foelgande tips: “The best way to not get a bad stomack is to pick your own nose and eat it”, deretter fortsatte han eigentleg i samme spor med aa si at ikkje foelg alle raada: Et daarleg is, et salat.. Hovudsakleg var mottoet: faa i deg smaa doser av den lokale bakteriefloran og du vil vera ok.

Dagen etter var det klart for grytidleg tog til Bandung. Dette er kanskje ein av dei flottaste togturane eg nokonsinne har hatt. Det er veldig lite som slaar aa sittja i doeropninga paa eit tog og dingle med foetene mens rismarker dovent passerar. Ubeskriveleg! Diverre er netttilkoblingane her i omraadet saapass daarlege at eg ikkje faar lasta opp noko bilder for aa visa kor utruleg flott det var. Vel framme i Bandung fant vi vel eigentleg ut at det var nok ein by som kjem til aa synke ned i gloeymselens innsjoe saman med Jakarta. Det mest kjente i Bandung er “Jeans Street”: ei gate der dei sel, ja du kan kanskje gjette det, jeans og klede. Etter aa ha hengt rundt paa eit lass med Chinatown marked i Asia byrjar falske og/eller tacky t-skjorter og solbriller aa bli ganske kjedeleg. Saa vi tok ein minibuss ut til ei varm kilde. Dette var ein heilt ok maate aa avslutte dagen paa. Og berre saa det er sagt: Om du nokon gong har lyst til aa vita kordan det foelest aa vera superstjerne er det berre aa vera bleik, blond og hoeg og dra til Java. Her blir du bedt om baade fotografi og autograf, og stirring er ikkje uvanleg. Kvelden blei avslutta med eit slag yatzy paa hotelltrappa saman med ein gjeng nederlandske jenter, to nordmenn og to britar. Til personalets noko lattermilde underholdning.

I dag var vi ogsaa oppe grytidlig og nok ein fantastisk togtur paa fleire timar gjennom fantastiske rismarker var paa trappa. Togpersonalet syns jo at turistane som insisterte paa aa sitja i togdoera mellom kupeane var hysterisk morro. Paa stasjonane vi passerte var det behoerig med smaaungar som villig underhold oss, stirra eller vinka beskjedent fraa armkroken til ei mamma som syns dei burde helse paa oss rare bleike menneske. Etter 8 timar paa tog var vi endeleg framme her i Yogyakarta. Dette er einaste plassen paa Java vi vil ha tilgang paa internett, og vi vil vera her tre netter. Saa langt har eg bada i bassenget, vore ute og drukke verdens dyraste kaffe (Kaffeboennene blir eta av ei rotte, folk plukkar deretter opp dritten etter rotta og brygger kaffe paa desse boennene..). Det var veldig god kaffe, og den hadde bortimot ingen bitter ettersmak, men om den var verd 100.000 rupi er jo ein anna sak.. Snart skal vi ut og eta paa ein restaurant som vistnok skal vera kjempegod, deretter ventar natterangling med fotball-VM (Dei nederlandske jentene innsisterar). Kampen startar her 01:30 lokal tid..

I morgon skal vi proeve aa surfe litt rundt i “Javas kunstneriske hovudstad”. Vannpalasset er eigentleg det einaste som er eit must foreloepig. Saa faar vi sjoe kva anna dagen bringer. I overmorgon er det tid for eitt av turens hoegdepunkt: Borobodur (Javas og buddhismens svar paa Ankor Wat) og eit svaert hindutempel eg ikkje heilt hugsar navnet paa. Dersom forholda ligg til rette for det skal vi ogsaa stoppe og sjaa paa det som vistnok er det beste utsiktspunktet til ein levande vulkan i heile verda. Rock on! Blir nok fort ein liten bloggpost fraa det, om eg faar tid.

Deretter legg vi i veg mot det som kanskje skal bli turens hoegdepunkt: Soloppgang over Mount Bromo. Dette er ogsaa internettlaus sone saa det er tvilsomt om det blir blogga foer eg kjem meg til Bali.

Avslutningsvis eit par reisetips:

#53: Om du skal inn i Singapore sjekk at forrige stempel er ok.

#54: Spis busemenn saa blir du aldri daarlig i magen.

#55: Tigerbalsam loeyser alle dine problem, inkludert myggstikk, migrene, saar hals og vonde ledd.

Dagens roggesang: The Flaming Lips – All We Have Is Now

One Reply to “Entropi”

Comments are closed.