Ja, nå byrjar eg å bli passelig “vegafos”, eller reisesjuk om du vil. Pakkelista er klar, det same er mesteparten av det eg skal ha med meg. Om akkurat ei veke landar eg i Bangkok, og blir borte i litt over 4 veker. Mest spent er eg på kva reisefylgje eg får med meg.. Men eg reknar med at det går fint med dei fleste av dei. Artige ting på pakkelista: Munnharpe, snyltekopp og spork. Stader eg gledar meg meir enn andre til å sjå: Strendene rundt Ao Nang, teplantasjene i Cameron Highlands, rulletrapp i parken i Singapore, soloppgangen over Mt. Bromo, Buddisttempelet Borobudur, home stay på kaffeplantasje i Bondowoso på Java, hinduismen på Bali. Men kanskje blir det noko anna som blir favoritten. (Det kjem antagelegvis til å bli blogga ujavnt frå turen utover sommaren, alle innlegg med relevans til tur vil bli tagga med “Onkel Reisende Mac“).
Slik ser ruta ut (beskrivelse finn du [her]):
Og pakkelista ser slik ut:
[Pakkeliste]
Ellers har eg vore på KISS-konsert, det var kjempeskøy, og eit show utan like. Dei har i det minste forstått kva rock n’ roll handlar om; sirkus, fyrverkeri og sangar om.. vel… ja.. “pull the trigger of my love gun”.. wink, wink, nudge, nudge, know what I mean.. Og denne helga har vi hatt capoeiraworkshop med CM Parente. Eg har no laga meg min heilt eigne berimbau, trena masse og kollapsa med migrene i gårkveld.