Oisann! Plutseleg er tida straks her. Eg skal på tur, og eg stjel Erik sitt utrykk “rogg” (reiseBlogg) og startar no med fyrste roggepost.. Akkurat no kjenner eg at panikken brer seg over alle slags rare småting. “Kven i alle dagar kjem eg på gruppe med”, “greier eg å finne eit hotell heilt på eiga hand i ein kaotisk storby”, “Tenk om eg ikkje får sova på flyet”, “Tenk om eg blir solbrent/matforgifta/denguefeber”.. Jada, sånn går no dagan.
Mest av alt er eg nok spent på alt det rare eg håpar på å få oppleva. Søndag i 13-tida forlét eg Værnes, akkurat i passe tid før vektarane har tenkt å starte å streike der. Etter ca. 5 timar i selskap med ei paperbackbok på Schiphol kan eg setja meg på flyet til Bangkok. Der vil eg lande i 12-tida på dagen (Lokal tid). Også har eg litt over 30 timar på å utforske denne legendariske byen. Tempel, svære buddastatuer, elvebåttaxi, thaimassasje og all verdens ting du ikkje ante kunne kjøpast for pengar. For ikkje å snakke om maten.. Eg siklar allereie ved tanken på sitrongras, chilli, søtbasilikum og kokosmjølk! Kanskje blir det også kikke litt på restane etter raudskjortenes hærverk eller ein thaiboxingkamp før vi sett nasen i retning Krabi, legendariske strender og enda fleire eventyr lengre sør.
Første (og kanskje siste) roggelåt: Rush – A Passage To Bangkok
Hei Jørn Olav,
Ja, så er du i gang – antagelig nettopp dumpet ned i stekende sol og eksotiskorientalsk virvar av synsinntrykk og lyder. Sommerfuglnene har vel gitt seg litt nå og da kan du bare la det stå til. Kos deg og nyt livet!